Ein tidlegare leiar av Stortinget sin Justiskomité trekte seg for litt sidan frå dette vervet, grunna reaksjonane på eigne ytringar på sosiale media som omhandla kvinner og muslimar på ein lite venleg og positiv måte. ( Når til og med Sylvi Listhaug meiner at utsegnene hans er for dryge, så er dei nok det. ) I ettertid har vedkomande prøvd seg på å ta bakvegen ut av situasjonen med ei mykje nytta unnskyldning : «Fylla har skylda.»  Han om det.

Sjølv trur eg berre sånn halvveges på den forklåringa. Rett nok vil eg tru at dersom karen hadde vore edru, hadde han kan hende kunna mobilisere sjølvkritikk nok til å unngå den raljerande og plumpe språklege stilen han sveipte meiningane sine inn i. Men eg – og fleire med meg – tenkjer at meiningsinnhaldet truleg hadde vore det same, anten fyren var full eller fastande. Og han har ikkje akkurat anstrengt seg særleg for å få oss til å tenkje noko anna om dette. Han om det.

For einskilde har utsegnene hans vore så grove at dei vil ha politiet til å vurdere om desse ytringane hans vert ramma av Straffelova sin §185. Denne paragrafen – som det er peikar til her – handlar om nedsetjande omtale av andre menneske.

I skrivande stund ligg det ikkje nokon konklusjon føre. Men for min del vil eg seie at eg har stor forståing for at folk vil ha saka vurdert opp mot denne paragrafen. For etter det eg forstår, er det denslags oppførsel denne paragrafen er tenkt å ramme. Så får vi vel etter kvart vite om fyren vert vurdert til å ha injurierande kraft nok til at saka får eit strafferettsleg etterspel.

Ikkje alle deler ei slik oppfatning. På sosiale media er det dei som sutrar over at politiet skal bruke tid på slike «bagatellar». Det kan sjå ut som  at tankegangen er den at så lenge slike nedsetjande og raljerande ytringar ikkje råkar dei sjølve, så kan det vere det same.

Det mest teatralske innlegget eg har lese i samband med omtale denne saka var ført i pennen av ein som omtala henne i eit innlegg med overskrifta «Ein politistat?» . Hadde vedkomande teke seg bryet med å sjå kva Store norske leksikon seier om omgrepet «politistat» – peikar til artikkelen på snl.no er her – ville han ha sett at spørsmålet var unødvendig…

Så er det dei som meiner at å stille folk til ansvar for det dei seier, er eit angrep mot den frie tanken. Det er eg usamd i. Etter mitt syn er det ikkje nokon motsetnad mellom å syne folkeskikk og å dyrke den frie tanke. Det er heilt greitt å gi uttrykk for usemje med nokon, og å grunngi eigne standpunkt. Det må også vere greitt å gå laus på argumentasjonen til vedkomande, og synleggjere faktafeil, generaliseringar og fordommar som ein meiner meiningsmotstandaren fører til torgs.

Men det er ikkje greitt å gi uttrykk for forakt eller ringeakt for dei ein er usamd med. For meg er det eit prinsipp som skal gjelde alltid, og som eg etter fattig evne prøvar å praktisere.

For andre er det tydelegvis annleis.

Illustrasjonen attmed, som det også er eit utsnitt av oppe på sida, er laga av den polsk-rusiske kunstnaren Alexander Orlowsky i 1822. Fyll er påviseleg ikkje eit nymotens problem.
Biletet er attgitt med løyve.

Om fyllerør, folkeskikk, fordommar og den frie tanken