Ikkje før er vi ferdige med julestri og julefeiring, så er det på’an igjen – i alle fall dersom du er ortodoks kristen. Dei ortodokse kyrkjene høgtidar også Jesu fødsel den 25. desember, men dei nyttar den gamle julianske kalenderen som med åra er komen meir og meir på etterskot i høve den astromiske kalenderen. Då fell den 25. desember på vår 7. januar året etter.

Som tidlegare nemnt vart den julianske kalenderen innført i Danmark-Noreg i år 1700. Men i Russland vart han først innført i 1918. Det er difor den russiske revolusjonen, som fann stad den 7. november 1917, vert kalla Oktoberrevolusjonen.

Og dei ortodokse kyrkjene driv framleis og nyttar den julianske kalenderen som utgangspunkt når tidspunkt for høgtidsdagane skal fastsetjast.  Det gjev ortodokse kristne høve til å feire jul to gongar ettar kvarandre – om dei orkar – samt eit glimrande høve til å handle julegåver på sal!

Men bortsett frå tidspunktet er det lite som skil ortodoks julefeiring frå anna julefeiring. Tankegodset bak feiringa er det same som i vestkyrkjene. Og folk feirar på same vis: Det er god mat, gåver og sosialt samvere. 

At julemusikken er litt annleis, skuldast at den ortodokse kyrkja har ein annan musikktradisjon, med lite innslag av instrumentalmusikk. Til gjengjeld er vokalmusikken svært rik, noko videoen nedunder er eit godt døme på.

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av ikonet «Guds mor frå Kazan», av Simon Ushakov (1626 – 1686)

Attende til Romjulstankar

 

No er det jul igjen