I dag, ein dag etter trettandagen, vart jula pakka vekk heime hos oss. Og med det kan mi kjære Olga få ein velfortent femtivekers ferie.
Eg fann Olga i ein butikk i Bergen for mange år sidan, og fall pladask. Dama i butikken og eg fekk oss ein god flir då eg kjøpte denne figuren.Vi var samde om at ho ikkje akkurat var den vakraste engelen i butikken.
Nei, vakker er ho ikkje, Olga. Ei eldre dame med eit ansikt som slett ikkje kan forvekslast med dei biletskjønne englefjesa vi elles ser så mange av, og med hengepuppar som ikkje nett kan seiast å vere å tråd med venleiksidealet av i dag. Og står songen i stil med utsjånaden hennar, er det nok ikkje kjerubisk vellyd vi ville blitt til del, dersom vi verkeleg kunne høyre henne syngje. Det er ein grunn til at eg døypte henne Olga.
Likevel er ho blitt ein kjær del av julepynten heime – for meg, i det minste. Eg er ikkje sikker på om dei andre i familien synest like godt om denne figuren som eg gjer. Men ho har i mange år hatt sin faste plass i heimen – godt plassert attmed det tradisjonelle peparkakehuset vi får på plass veslejulaftan.
Eg trur resten av familien har resignert, og lar henne stå der av omsyn til julefreden. Eg insisterer nemleg på at Olga skal stå framme, for eg synest Olga har ein viktig funksjon.

Ho er ei god påminning om at jula, det skal vere ei høgtid for alle. Absolutt alle. Det spelar ingen rolle kven du er eller kva du trur på, om du er fattig eller rik, ung eller gamal, om du syng julesongar med englerøyst eller du syng som… ja, akkurat. Du skal kunne vere deg sjølv, fullt og heilt.
Vi er alle ulike, og skal ha lov til å vere det. Men dette gjeld ikkje berre i jula. Difor har eg skrive denne vesle teksten og lagt ut desse bileta, som ei påminning i dagane fram til eg på ny kan hente fram Olga og plassere henne attmed peparkakehuset vi då skal lage.
Takk for denne gongen, Olga, og på gjensyn!