Teknikken eg nyttar når eg målar, kallast eggtempera. Det er ein meir enn tusen år gamal måleteknikk, der ein blandar fargepigment i pulverform, i ein emulsjon beståande av eggeplomme og vatn tilsett eddik, alternativt eggeplomme og kvitvin.
Den ferdige målinga er ekstremt fargestabil, men toler lite fysisk påverknad. Mellom anna vil eit lett bevegeleg underlag, som til dømes lerret, vere lite eigna av di den stive målingsfilmen lett vil sprekke opp. Difor nyttar ein helst harde plater som grunnlag. Sjølv nyttar eg plater av stavlimt tre.
Måling vil også trenge vern mot berøring, og det er difor vanleg å dekkje bileta med eit vernande overflatelag. Ein ferniss basert på olje er ei løysing. For min del har eg vald å bruke bivoks, som vert tunna ut med terpentin til ein pasta, og varsamt lagt over biletet med fingrane, eller med eit mjukt tekstil.
Sjølve måleprosessen er omstendleg. Ein må byggje opp fargeflatane med fleire strøk, og ein kan ikkje arbeide lenge på ein og same staden på biletet.
Slik preparerer eg platene mine for grunning og måling
Dette biletet syner ei av totalt ti plater som eg preparerer for bruk. Trevyrket er ubehandla, stavlimt eik, 18 mm tjukk, og denne plata er 30 x 40 cm i breidd og høgd. Eik er eitt av fleire treslag som vart nytta til å måle på. At plata er stavlimt trur eg er ein fordel, av di fibrane i treet går ulike vegar, noko som kan vere positivt med omsyn til vridningsstabilitet.
Dette er eigentleg plater som er tenkt nytta til hyller, så det er ikkje akkurat møbelfinish på dei. Men eg synest ikkje det gjer noko. Det er ein fordel at dei er ubehandla, og eventuelle feil og manglar med utsjånaden vert skjult av grunninga og målinga på framsida. Baksida er det uansett ingen som skal sjå.
Slike plater kan ein få kjøpt både hos Clas Ohlsson og Biltema – og sikkert hos mange trelasthandlarar og byggevareforretningar også. Dei kostar ikkje all verden.
Skulle einkvan lure på den «flekken» attmed kortenden til høgre, så er det ei lita fordjuping eg har bora ut med drill. Der set eg fast ein augeskrue og ein nøkkelring som oppheng – sjå nærbiletet av eit slik oppheng her. Men denne skruen vert ikkje sett på før biletet er ferdig måla og skal på veggen i påvente av etterbehandling.
Plata på biletet over er for øvrig seisa på begge sider med harelim. Harelim er eit organisk hudlim, i slekt med gelatin, men med større bindeevne. Limet vert kjøpt som tørt granulat, og når det skal nyttast, vert det blanda ut med vatn – 1 vekteining granulat til 15 vekteiningar vatn. Dette står i bløyt i om lag eit døgn før det vert varma opp til knappe 55 grader (ikkje meir, for ved 57 gradar endrar molekystrukturen i limet seg, og det vert dårlegare). PS: Den som har sans for detaljar, har sikkert lagt merke til at den avbilda plata med opphenget ikkje er av eik. Det er frå ein tidlegare runde med treplater, og desse var av bøk. Det ser ut til å fungere godt, det også.
Same limet vert også nytta når framsida av plata vert dekka av eit lag med tekstil. Dette skjer før ein tek til å legge på grunningslaget – gessoen. Tekstillaget har same funksjon som armeringa i ein betongkontsruksjon. Det styrker og stabiliserer. Eggtempera er i seg sjølv lite fleiksibelt når det har tørka, og eit ustabilt underlag vil då kunne gjere at biletet får sprekker.
Tradisjonelt har ein nytta tekstil av bomull eller lin til dette. Eg har av ein eller annan grunn vald å halde meg til lin, som eg kjøper som metervare, til dømes hos IKEA. Farge og eventuelle mønster spelar inga rolle, for stoffet vert dekka av gesso og måling. Men eg har forstått at det er eit poeng at stoffet ikkje er altfor tettvevd, fordi det er viktig at det trekkjer til seg rikeleg med harelim når det vert lagt på plata.
Før eg nyttar tekstilet, gjev eg det ein maskinvask på 60 gradar, både for å få det krympa, og for å få bort eventuell appretur som måtte vere i stoffet.
Når tekstilet så skal leggjast på plata, klypper eg fyrst ein bit av det stor nok til å dekkje framsida – pluss eit par cm ekstra på kvar side. Plata får ein generøs omgang med harelim, før eg plasserer stoffbiten, som i forkant er blitt gjennomtrekt med lim, oppå den våte plata. Så går eg laus med limpenselen og rikelege mengder med lim. Eg startar på midten, og arbeider meg utover mot kantane. Ein litt hardhendt bruk av penselen gjer at eventuelle rynker som kunne medført luftblærer, vert strokne ut. Dersom ein likevel får blærer som kosten ikkje rår med, kan ein lyfte opp litt av stoffet, slik at ein løsnar det frå plata der blæra har danna seg. Når ein då legg det ned att og stryk godt ut, vil som regel blærene forsvinne.
Biletet attmed syner ei plate som er i ferd med å få pålagt stoff, samt nokre plater som alt er ferdige. Alle platene vart like jamne og fine, sjølv om altså stoffet ikkje akkurat var så slett då eg la det på.
Så må limet tørke. Det tek si tid. Då er det berre å gjere som han sa, Noregs eldste mann, då han vart spurd kva han hadde gjort for å verte så gamal som 107 år. «Ta tida til hjelp,» var svaret hans.
Når limet er storkna, er stofflaget stivt, og då er det lett å reinskjere kantane med ein kniv.
Biletet over syner dei ti platene eg har preparert, der dei ligg til tørk på stovebordet. Når limet er blitt skikkeleg tørt, legg eg plata med fronten ned mot eit skjæreunderlag, og reinskjærer kantane. Så er plata klår for neste del av prosessen : Grunning med gesso.
Slik prøver eg å lage eit godt underlag for målinga mi
Biletet attmed syner dei ferdig trekte platene mine, etter at kantane på stoffet er reinskorne. Då er det klårt for neste oppgåve:
Før eg kan begynne å måle med eggtempera på platene mine, må dei grunnast. Til grunning nyttar eg ei blanding av lim, krittpulver og fargepigmentet titanoksyd, som er heilt kvitt. Ei slik blanding vert kalla «gesso».
Gesso har to funksjonar: For det fyrste gjev det temperaen «fotfeste» på biletflata, slik at fargane sit godt på, men utan å trenge inn til tekstillag og treplate. Gesso vil i liten grad reagere kjemisk med fargane som vert påført, noko som gjer at underlaget ikkje påverkar eller endrar fargane i biletet over tid.
Eggtempera er litt transparent, og slepper soleis lys gjennom laga. Den kvite gessoen vil reflektere noko av lyset som trenger gjennom, og bidra til korleis fargane vert attgitt. Difor kan det vere bra at gessoen er så kvit som råd, og dette oppnår ein ved å tilsetje titanoksyd.
Når ein lagar gesso, kan ein til ein viss grad regulere eigenskapane til underlaget. Ei blanding med mykje lim i høve mengda krittpulver vil gi eit underlag som bitt seg godt fast til plata, men som ikkje gjer det same gode festet for målinga. Omvendt vil ei blanding med høvesvis meir krittpulver gi eit underlag med svakare vedheng til plata, men betre fotfeste til målinga.
Ein måte å utnytte dette på, er å endre samansetninga av gessoen etter kvart som ein legg på fleire strøk. For når ein skal påføre gesso, er det ikkje snakk om eitt, to eller tre strøk. Det er snakk om mange strøk – svært mange. Det endelege resultatet bør gjerne vere eit underlag som er mellom 1 og 2 mm tjukt, er det dei som meiner.
I praksis vert det nok snakk om eit noko tjukkare lag, for siste finishen består i å pusse ned gessoen til ei jamn flate, slik at ho vert om lag som overflata til eit godt teiknepapir. Nokre vel å pusse platene innimellom kvart strøk, eller i det minste etter nokre få strøk. Andre gjer dette til slutt.
Sjølv har eg vald å vente med pussinga til dess eg skal bruke plata. Grunnen er enkel: Når eg lagar fleire plater om gangen, vil det gå ei tid før siste plata vert teken fram og brukt. Då kan det vere greitt at overflata vert pussa like før ho skal takast i bruk, slik at eventuelle småskadar som måtte kome til i løpet av lagringstida, vert fjerna då, og plata framstår som feilfri og fin.
Slik finn eg fram til og førebur motiv for arbeidet mitt
Det er rikeleg med forbilete å finne på internett. Ein kan søkje på Google, eller ein kan nytte ressursar som dei eg har ment under overskrifta «Eg fann, eg fann – eksterne ressursar».
Eg er i ein læringsprosess, og prøver å ha fokus på litt ulike sider ved et å måle i denne tradisjonen. Denne gongen vil eg ha fokus på å modellere eit ansikt, og på ein spesiell måte å leggje høglys på klede.
Eg trur det er klokt å halde seg til ein modell om gongen, og denne gongen har eg vald å ta utgangspunkt i eitt av dei vakraste ikona eg veit. Det heiter «Guds mor frå Kazan», og er måla av den russiske ikonmålaren Simon Ushakov, som levde på 1600-talet, og som framstod som ein fornyar av russisk ikontradisjon.
Eg lasta ned biletet frå nettet, og nyttar eit fotoredigeringsprogram, Affinity Photo, til å teikne av motivet. Dette programmet – tilliks med mange andre tilsvarande program, opererer med lag (layers). Slike lag oppfører seg om lag som transparente ark ein kan teikne og måle på. Det fine er at ein kan teikne på eitt lag, utan at det påverkar innhaldet på laga over og under.
På biletet under er eg i gang med å teikne konturane av alle delane i biletet. Her nyttar eg eit teiknebrett som er kobla til pc-en min – mitt er av merket Wacom. Eit høveleg brett kan ein få for under 1000 kroner. Ein kan sjølvsagt nytte ei vanleg mus til dette, men det er litt tungvint, og resultatet vert gjerne så-som-så.
NB: Eit alternativ til å bruke eit særskilt teiknebrett, er å nytte I-pad. Då eg måtte anskaffe ny I-pad (min gamle er meir enn ni år gamal, og merkbart «lang i tennene»), kjøpte eg ein penn med det same, og no han eg nytte den i staden. Affinity Photo finnest faktisk i ein versjon for I-pad også.
Når eg teiknar av modellbiletet, opnar eg det i Affinity Photo. Då legg det seg som eit lag i botnen, og så legg eg to nye lag oppå. Det eine laget gjer eg kvitt, og det øvste laget teiknar eg på. For å sjå modellen, gjer eg det kvite laget inaktivt – og dermed usynleg – og så teiknar eg konturar kring dei viktigaste formene. For å sjå resultatet, aktiverer eg det kvite laget. Då vert modellbiletet dekka til, og eg kan sjå konturane eg har teikna.
Når eg er ferdig, spegelvender eg biletet og lagrar det. Grunnen til det, kjem eg attende til. Biletet under syner modellen og den ferdige konturteikninga.
Konturteikninga vert eksportet til ei pdf-fil. Grunnen til det er at pdf-filer enkelt kan forstørrast og forminskast, slik at eg kan tilpasse storleiken på biletet til storleiken på plata eg skal måle det på. Dette gjer eg i eit anna program eg har, nemleg Affinity Publisher.
Ein liten kommentar her: Sjølv om dette er nokså rimelege program, kan det kanskje følast litt i drygaste laget å skulle kjøpe desse programma dersom ein ikkje har anna ein kan bruke dei til også. Det kan då vere greitt å vite at det finnest gratis alternativ. Dei programma som er nemnde under, er gode og meir enn tilstrekkelege for å få jobben gjort. Men ein må kan hende pårekne litt tid for å finne ut av bruken. (YouTube er ei god kjelde her.) Affinity-programma har eit enkelt brukargrensesnitt, og det er gode brukarrettleiingar, dessverre berre på engelsk.
- PaintNet er eit gratis alternativ til Affinity Photo. Det har det ein treng for å gjere jobben, men treng ein sokalla plugin for å eksportere resultatet til pdf. Eit kraftigare – men mindre brukarvenleg – gratisprogram er GIMP.
- Scribus er eit gratis alternativ til Affinity Designer.
Så skriv eg ut konturteikninga i rett storleik. Dersom teikninga er for stor til å få plass på eit ark, nyttar eg fleire ark som eg limer saman til eitt. Deretter teipar eg teikninga fast til eit stabilt underlag, og legg eit matpapir over. Eg overfører konturane til matpairet med ein blaut blyant, 6B – 8B.
Når eg så skal overføre teikninga til måleplata, legg eg matpapiret ned på framsida av plata eg skal måle på, og teiper henne fast der. Så teiknar eg over konturane ein gong til, denne gongen med ein hard blyant. Når eg er ferdig og fjernar matpapiret, er konturane svakt synlege på plata, og sjølve målinga kan begynne.
Resultatet på plata vil vere spegelvendt av den opphavlege konturteikninga. Det er difor eg arbeider med ein spegelvendt versjon av det opphavlege motivet. (Eitt av få døme på at to feil faktisk kan utgjere ein rett.)
På veg mot eit mål
Attmed kan ein sjå eit ikkje heilt fullført resultat av arbeidet med modellen som er vist over. Det er ikkje vanskeleg å sjå at det er ein enorm skilnad på ikonet Simon Ushakov har laga, og det biletet underteikna har vore i stand til å få til. Noko anna skulle forresten berre mangle!
På mange måtar vert dette fotografiet eit slags «snapshot» som syner kor langt eg var komen då eg la biletet til side. Eg reknar det ikkje som ferdig frå mi hand. Til det er ansikta for uferdige. Dei manglar høglys.
Men heldigvis er ikke den avsluttande finishen gjort enno – det ferdigmåla biletet skal få ein omgang med bivoks som vil verne overflata – og dermed er det berre for meg å finne fram att pensel og pigment og arbeide med høglysutfordringane når eg føler at eg er klar til å få jobben gjort. Når det skjer, veit eg ikkje.
Men etter at høglysa er komne på plass, skal eg ta eit nytt fotografi av biletet og leggje ut her. På den måten kan eg dokumentere det dette handlar om – å vege undervegs, på veg mot eit mål.
Du kjem attende til sida «Ikon og tradisjon» ved å peike og klikke her.