I 1964 skreiv Bob Dylan denne songen som for meg vart eit flott og poetisk uttrykk for dei sterke kreftene som menneska kan mobilisere når tida og situasjonen krev det. I dag, fem og femti år etter han vart skriven, synest eg songen «The times, they are a-changing» er høgst aktuell. Etter mi vurdering kunne han like gjerne vore laga i dag, i oktober 2019.
Come gather round people wherever you roam
And admit that the waters around you have grown
And accept it that soon you’ll be drenched to the bone
If your time to you is worth saving
Then you better start swimming or you’ll sink like a stone
For the times they are a-changing
Ein person som i 2019 set ord på slike krefter, er den svenske miljøaktivisten Greta Thunberg. Engasjementet hennar vart kjend for omverda då ho i august-september 2018 gjennomførte ein skulestreik for klimaet framfor Riksdagshuset i Stockholm. Ein kan undre seg over at ei femten år gamal jente med ein enkel heimelaga plakat der det med enkle, svarte bokstavar på kvit botn stod skrive «SKOLSTREJK FÖR KLIMATET» skulle få eit så sterkt gjennomslag i media. Men mykje merksemd fekk ho. Og så kan ein grunne på kvifor.
Come writers and critics who prophesize with your pen
And keep your eyes wide the chance won’t come again
And don’t speak too soon for the wheel’s still in spin
And there’s no telling who that it’s naming
For the loser now will be later to win
For the times they are a-changing
Eg trur at vakne personar innan presse og media forstod at bodskapen til Greta Thunberg ikkje berre var uttrykk for det ei einsleg svensk jente meinte om klimaspørsmålet. Dette var noko langt meir : Denne svenske jenta stod fram som eit talerør for ein heil generasjon unge menneske som har forstått kor viktig det er å ta vare på miljøet for å prøve å demme opp for klimaendringar samfunnet vår truleg ikkje vil vere i stand til å meistre. Eit sterkt og svært synleg bevis på dette er dei mange klimastreikane som skuleungdom rundt om i verda har gjennomført. Desse unge har forstått alvoret i bodskapen til Greta Thunberg, og teke det inn over seg.
Come senators, congressmen please heed the call
Don’t stand in the doorway, don’t block up the hall
For he that gets hurt will be he who has stalled
There’s a battle outside and it is raging
It’ll soon shake your windows and rattle your walls
For the times they are a-changing
Det same kan ein ikkje seie om alle dei som burde teke klimaproblematikken på største alvor. Donald Trump og Vladimir Putin kan stå som grelle døme på dette. På sine vis har dei prøvd å redusere betydninga av bodskapen til Greta Thunberg ved å framstille henne som «ein manipulert tenåring» (Putin), eller ved å kome med sarkastiske merknader om henne (Trump).
Også langt mindre betydningsfulle politikarar har gitt klårt uttrykk for at klimaproblematikk ikkje er stort å bry seg om. Carl I Hagen kan stå som representant for desse.
Felles for dei tre nemnde herrar er at dei er kvite, velståande og meir eller mindre tilårskomne. Konsekvensar av ei klimakrise vil soleis sannsynlegvis ikkje ramme dei sjølve i nemneverdig grad. Dessverre er slike karar ikkje direkte atypiske for politikarar i vår del av verda…
Heldigvis er ikkje alle eldre, kvite mannlege politikarar like blinde for utfordringane klimaendringane kan føre med seg, og det vil eg gjerna la Kåre Willoch stå som ein god representant for – dette er det han har sagt om klimaproblematikk.
Come mothers and fathers throughout the land
And don’t criticize what you can’t understand
Your sons and your daughters are beyond your command
Your old road is rapidly aging
Please get out of the new one if you can’t lend your hand
For the times they are a-changing
Men det er ikkje berre politikarar som har noko å svare for her. Også andre har på ulikt vis prøvd å dempe alvoret i Greta Thunberg sin bodskap ved å sause han saman med dei diagnosane ho har – eller ikkje har – som om det skulle vere ein samanheng mellom innhaldet og alvoret i ein bodskap og kven det er som framfører han. Ein slik samanheng finnest sjølvsagt ikkje.
Eitt av dei mest kuriøse døma på slik samansausing er signert Fred Heggen. (I fylgje Nettavisen er han «Psykiater. Overlege i psykiatri. Godkjent veileder i psykodynamisk psykoterapi. Utdannet i rettspsykiatri, underviser i voldsrisikovurdering. Sitter i Legeforeningens utvalg for kvalitet og pasientsikkerhet.»)
Hans innfallsvinkel ser ut til å vere ein slags avstandsanalyse av mor til Greta Thunberg basert på ei bok ho har skrive. Påpasseleg og profesjonelt nok presiserer han at han ikkje stiller nokon diagnose. Likevel unnser han seg ikkje for å publisere si meining om at dama har ei historie som får han til å tenkje på diagnosen Münchausen pr proxy. Og så hevdar han fylgjande – sitat : «Jeg tenker at de (diagnosane) ikke har vært til noen direkte ulempe for henne (Greta Thunberg).
Som verdens fremste klimaforkjemper kan det tvert imot være en fordel å kunne påberope seg visse lidelser, da disse i folks fantasier kan forbindes med spesielle egenskaper eller talenter. I tillegg skjermer de henne mot kritiske røster. Stakkars, hun har nok sine utfordringer.
Dommedagsprofeten Greta Thunberg får derfor fortsette å skremme verden. Sirkuset lever i beste velgående.»
Skulle eg nokon sinne få behov for psykiatrisk hjelp, veit eg om ein fagmann eg etter beste evne vil prøve å styre unna.
The line it is drawn, the curse it is cast
The slow one now will later be fast
As the present now will later be past
The order is rapidly fading
And the first one now will later be last
For the times they are a-changing
Det er berre det at når ungdom over heile verda har teke til gatene for å markere at det er på tide å ta klimaendringane på alvor, så er det neppe på grunn av Greta Thunberg sine eventuelle diagnosar. Snarare er det av di dei ser at handling er naudsynt. Og kan hende vil dei unge, som etter kvart vert ein politisk maktfaktor, sjå til at naudsynte endringar vert gjort. Eg trur at unge som Greta Thunberg er viktige bidragsytarar til at så skal skje. Eg vonar dei vil gjere det vi gamlingar ikkje klarte, nemleg å få arbeidet for klimaet inn på rett spor.
Conrnelis Vreeswijk har på sitt vakre vis sett ord på dette i songen «Turistens klagan» :
«Så länge det finns ungar, så finns det hopp.»
Så får heller dei trumpne gamle gubbane stå att på stasjonen.
Fotoet oppe på sida er teke av fotograf Anders Hellberg (C).
Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.