Kritikar og forfattar Espen Søbye har i Morgenbladet den 24.12.2015 skrive om fenomenet strikkebøker. Det var ein tankevekkjande tekst.
Teksten, som ein kan lese ved å peike og klikke her, ser ut til å vere framstilt som ei vurdering av ni strikkebøker. Det er han ikkje. Det er ikkje bøkene som vert vurdert, men snarare bøkene sin rett til eksistens.
Og denne retten til eksistens vert dregen inn i ein kontekst som eg synest er ein smule underleg. Espen Søbye hevdar å ha foreteke ei undersøkjing av strikkebøkene. Metodikken synest noko upresist beskriven. Han skriv at det vart naudsynt å ta i bruk dei delane av medvitet som Freud meinte at overjeg-et hadde lyst i bann. I kva grad dei andre delane av medvitet hans kan ha vore med i vurderingsprosessen, går ikkje fram av teksten.
Konklusjonen hans derimot, er forbiletleg klår : «Undersøkelsen tyder på at strikkebøkene danner en hovedbestanddel i en drabelig strid om hva slags kvinneideal som skal gjelde i Norge snart to tiår inn i det 21. århundret.»
Dette er ei tolking som får stå for Espen Søbye si eiga rekning. Sjølv tenkjer eg noko annleis om dette. Men det kan sikkert skuldast bakgrunnen min : Eg er mann, to år eldre enn Espen Søbye, og kan ikkje strikke. Men eg er oppvaksen med strikkande bestemødre, tanter og mor, gift med ei særs dugande strikkande dame, far til fire dyktige strikkande døtre, og har ei svigerdotter som også beherskar kunsten å forvandle tråd til noko nyttig ved hjelp av to strikkepinnar. Og mitt beskjedne bidrag til dette gode strikkemiljøet har vore å kjøpe strikkebøker. Det har eg no gjort i snart 40 år, og det er ein praksis eg slett ikkje har planar om å legge av meg.
Det eg har sett av strikkande aktivitetar gjennom fire generasjonar, vil eg oppsummere slik :
- Strikking har vore – og er – ein berekraftig måte å lage plagg på som har høg bruksverdi.
- Strikking har vore – og er – ein viktig del av vår kvardagshistorie og vår kulturarv.
- Strikking har vore – og er – ei mogleg inntektskjelde for einskilde.
- Strikking har vore – og er – ein syssel som ikkje stiller store materielle krav til investering, og kan difor utførast av alle som har interesse for det.
- Strikking har vore – og er – ein arena både for gjenskaping og medskaping.
- Strikking har vore – og er – ein arena for kunstnarleg skapartrang og skaparevne.
- Strikking kan vere eit høgst konkret uttrykk for omsorg.
Ut frå dette synest eg det vert litt underleg å skulle redusere strikkebøker som fenomen til å verte eit spørsmål om definering av kvinneideal.
Espen Søbye synest det er underleg at bøkene legg vekt på at strikking er tradisjon, formidla frå generasjon til generasjon, og samstundes tek på seg ei rolle som kunnskapsformidlar. «Hvordan er det mulig å selge titusener av strikkebøker hvert år som forteller kjøperen at denne kunnskapen skulle hun ha fått på en annen måte?» spør han.
Bakgrunnen for dette tilsynelatande paradokset er truleg at dei organisatoriske føresetnadane for den tradisjonelle kunnskapsoverføringa frå kvinne til kvinne ikkje er til stades i same mon som før, av di busetjingsmønsteret har endra seg. Det er ikkje så vanleg lenger at fleire generasjonar deler husvere og kvardagsliv, noko som gjer formidling av handlingsboren kunnskap vanskeleg. Skal denne kunnskapen då overførast frå generasjon til generasjon, må ein finne andre kanalar. Og dei finnest :
Strikkebøker kan vere ein slik kanal. Dei kan dessutan formidle kunnskap og impulsar om andre strikketradisjonar enn dei reint lokale, og dermed gi dei som faktisk tek i bruk informasjonen i bøkene, eit større kunnskapstilfang.
Samstundes ser ein at også andre kanalar vert nytta til kunnskapsformidling. Sosiale media er eit godt døme på dette – på ei facebookgruppe som «Koftegruppen» vert kunnskap om strikking raskt og effektivt formidla av flinke og interesserte kvinner. Og «Koftegruppen» er ikkje den einaste i sitt slag.
Espen Søbye besværer seg over tittelen på ei av bøkene : «Klompelompe». At namnet er underleg og uforståeleg, kan eg vere samd med han i. Men lat meg presentere eit par andre boktitlar : «Bulkehue og andre historier», «Vampire Yeah», «Eurokor», «Panikk!», «UR», «Rot Tripp», «Mjølk kåpe sand såpe», «Noo goode gnu». Dette er alle titlar på bøker som er komne ut i Noreg i 2015. «Klompelompe» er i om ikkje akkurat godt, så i alle fall i høgst blanda lag!
Eit anna ankepunkt Espen Søbye kjem med, er strikkebøkene sin bruk av kodespråk. Uforståelege forkortingar er vanskeleg for alle uinvidde. Men det er vel ikkje meir komplisert at ein strikkar nyttar forkortingar som «r», «2il» og «3 r sm» enn at ein musikar må forhalde seg til partitur med «cresc», «rit» eller «sfz» over notelinene, eller at ein som driv med data bør vite kva «pdf», «css» og «docx» står for?
Eg skal ikkje gå langt inn i Espen Søbye si polarisering av to kvinnelege arketypar – den ferme og den androgyne. Men eg synest framstillinga vert i overkant enkel. Kanskje skuldast det at eg opplever dei kvinnene eg kjenner som heilstøypte individ, og ikkje som representantar for eitt eller anna kvinneideal.
Og eg skal vere varsam med å seie noko om i kva grad og på kva måte strikkebøker bidreg i debatten om kva kvinneideal som skal gjelde. Eg har ikkje tenkt på strikkebøker slik. Eg har faktisk tenkt på dei som bøker om strikking, på same vis som eg tenkjer på kokebøker som bøker om matlaging og diktsamlingar som samlingar av dikt.
Eg har ein mistanke om at eg ikkje er åleine om å tenkje på den måten om strikkebøker.
Biletet over : Ein syrisk flyktning i Libanon med eigenprodusert strikketøy som ho kan selje. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.