22. november skulle eg på eit møte på kommunehuset på Masfjordnes. Saman med meg på ferja frå Duesund var ei gruppe barnehageborn frå Nordbygda barnehage. Då eg spurde dei kvar dei skulle, fekk eg vite at dei skulle på bokbåten.

Eg er bestefar til eitt av desse borna, og då eg hadde god tid til møtet, valde eg å slå fylgje med gruppa bort  til kaien der «Epos» låg fortøydd og venta. Der fekk eg sjå korleis borna vart varmt tekne imot av dei som jobba på båten.

Eg fekk sjå korleis borna nærmast andektig steig om bord, hengde fint frå seg ytterkleda sine, og sette seg på krakkar som var stilt opp for dei. Av di dei måtte vente litt på ei anna gruppe som skulle kome, fekk dei finne seg kvar si bok å sjå i. Han som skulle halde kulturprogrammet for dei, kom og sette seg framfor dei og stemde gitaren sin.

Eg måtte gå på møtet, så eg fekk ikkje med meg sjølve programmet. Men eg fortalde dei andre på møtet om kvar eg hadde vore, og det resulterte i at andre i møtelyden delte sine gode minne frå hendingar om bord på bokbåten i deira barndom, om kinokveld der båten la til for natta, med barneprogram klokka seks og filmkveld for dei vaksne klokka ni. Dette var tydelegvis minne som hadde vore med dei alle åra sidan, og som dei tenkte på med glede.

På veg attende frå møtet reiste eg på nytt saman med borna, og eg spurde nokre av dei korleis det hadde vore om bord. «Fint,» var svaret eg fekk. «Han mannen song skumle songar, men dei var ikkje så skumle likevel.» Det var tydeleg å merke på borna at dei hadde hatt ei god stund saman på bokbåten. Dei hadde fått ei flott kulturoppleving, ansikt til ansikt med dyktige kulturformidlarar.

I bilen på veg heimover vart eg sitjande og tenkje på det eg hadde sett og høyrt.  Borna hadde tydelegvis fått eit godt minne frå dagen. Dei vaksne eg hadde snakka med, får meg til å tru at dette er minne som sit. Bokbåten er tydelegvis eit godt kulturtilbod for folk i distrikta.

Og no kan det sjå ut som om tilbodet skal takast frå dei. Det heiter seg at midlane som ein «sparer», skal nyttast på andre måtar, at dei skal overførast til kommunane og brukast på andre, meir kostnadseffektive, måtar for å styrke bibliotektilbodet lokalt.

Vel og bra. Men bokbåten er så mykje meir enn ein grei måte å formidle boklån på. Det er noko spesielt å gå frå ein halvmørk kai ein novembermorgon og stige om bord til ein båt med lys og varme, til gode møte med ulike kulturuttrykk. Sjølv om «Epos» ligg godt fortøydd ved kai, tek han med store og små passasjerar ut på eventyr. Eg kan vanskeleg sjå at kommunane rundt om vil kunne etablere andre kulturtilbod som gjer dette på same gode måten for det det kostar i halde «Epos» i sving. Difor trur eg det vil vere eit stort mistak å leggje ned dette tilbodet.

Der eg sat i bilen, kom eg til å tenkje på ein dokumentar eg ein gong såg på NRK. Den handla om bygginga av Operahuset. Filmen slutta med eit sveip frå lufta over Bjørvika, der Operahuset skein som eit smykke der det spegla seg i stille vatn.

På andre sida av vågen låg kulturbåten «Innvik» i opplag.

Eit mistak av episke dimensjonar