Langfredag er ein dag med ei spesiell historie knytt til seg : Jesu lidingshistorie

160320_Katedralen_Cadiz
Katedralen i Cadiz.

Mange stader har det vore tradisjon å ha særskilte meditasjonsgudstenester på langfredag, der lidingshistoria har hatt særskilt fokus. Ein måte å gjere dette på, er å lese dei orda som evangelistane har fortald at Jesus sa då han var blitt krossfest. Ofte vart desse orda etterfylgd av meditative betraktningar over det som var blitt sagt, og alt vart bunde saman av musikalske innslag.

I 1783 ga biskopen i Cadiz Joseph Haydn i oppdrag å komponere ein eigen musikk til desse lesingane. Den vart laga som eit orkesterverk, med ein innleiande og ein avsluttande sats, og med ein sats for kvar av dei sju opplesingane. Haydn fekk for øvrig honoraret for dette oppdraget utbetalt i form av ei kake med gullmyntar i.

Seinare vart  desse stykka omarrangert for solo klaverinstrument – det finnes innpelt både med piano og med cembalo – for strykekvartett, og endåtil laga som eit oratorium for solistar, kor og orkester.  Kor- og solistsatsane har då litt andre tekstar enn dei som var utgangspunktet for musikken.

Det finnest fleire innspelingar av denne musikken. Eg har to :

Eg har ein kor- og orkesterversjon med det franske elitekoret Accentus, dirigert av den smått legendariske Laurence Equilby. Med seg har koret Akademie für alte Musik Berlin, som er spesialistar på orkestermusikk frå denne perioden. Dessverre er CD-en ikkje lenger i handelen, men same innspelinga er å få i ei pakke med to cd-ar, og då kobla saman med annan flott påskenusikk : Dvorak sin Stabat Mater. Informasjon om kvar du kan få kjøpt denne musikken får du ved å peike og klikke her.

Eg har også ein versjon for strykekvartett, spelt av Rosamundekvartetten på platemerket EMC. Det er vanskeleg for meg å seie noko om kvaliteten på innspelinga samanlikna med andre innspelingar, men kritikkane eg har lest av denne innspelinga har vore svært positive, og eg synest det er ei innspeling som formidlar mykje av det emosjonelle innhaldet i tekstane. Informasjon om kvar du får kjøpt denne musikken får du ved å peike og klikke her.

Det finnest mange innspelingar av denne musikken ute på nettet. Ein av dei har eg lagt ein peikar til her, og det har sine gode grunnar :  Under leiing av den spanske stjernedirigenten Jordi Savall vert musikken framført i sin opphavlege form i rommet musikken var skrive for, i «La Santa Cueva» i katedralen i Cadiz. Denne kan du sjå og lytte til ved å peike og klikke her.

Dette er noko du kan hende skal ta deg tid til.

Om biletet oppe på sida : Dette er eit utsnitt av eit trykk av Rembrandt van Rijn.

Haydn : Jesu sju ord på krossen