Takka vere ei tullete meiningsytring på Dagbladet si Facebookside vart eg for litt sidan merksam på heimesida til tankesmia Agenda. Tusen takk til tullingen!

Tankesmia Agenda er i fylgje Wikipedia ei norsk tankesmie, etablert i 2014. Ho er partipolitisk uavhengig, men er dels finansiert av LO og Trond Mohn, som er erklært tilhengar av Det norske arbeidarparti.

Men det er ikkje det same som at Agenda framstår som eit slags talerør for sosialdemokratiet. Det verkar til å vere høgare under taket her enn som så. Eit godt prov på dette er at ein her finn innlegg av bidragsytarar som er klårt usamde med kvarandre. Men felles for innlegga er at dei er saksorienterte, velformulerte, og godt underbygde.

Det siste synest eg er særskilt viktig. Eg opplever at konklusjonane folk delar med kvarandre ofte kan vere mindre interessante enn premissa for konklusjonane. Eg lærer ikkje alltid så mykje av at eit person har kome til ein konklusjon og teke eit standpunkt. Derimot kan eg lære mykje av å verte kjent med bakgrunnen for konklusjonen.

Av den grunn har eg sett stor pris på å verte kjend med Agenda si heimeside. Og kan hende vil du gjere det same. Du kjem direkte til henne ved å peike og klikke her.

Agenda tankesmie har også sitt eige web-baserte magasin, Agenda Magasin. Det kan du kome direkte til ved å peike og klikke her.

Toppbiletet syner eit kompass. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.
Eg synest at eit bilete av eit hjelpemiddel til å finne retninga passa som illustrasjon. Ein liten bonus var attgjevinga av diktet «The Road Not Taken» av Robert Frost i kompassloket. Du kan lese og høyre diktet ved å peike og klikke her. På eit forunderleg vis passa dette også.

Utsikt – innsikt – oversikt