Syltelabbar, sylteflesk og svineribbe er vanleg julemat. Marsipangrisar får ein berre kjøpt i advents- og juletida – og på billigsal i vekene etter nyttår.
Det kan synast litt underleg at grisen, som i jødisk tradisjon vert oppfatta som eit ureint dyr, skal ha ein sopass framtredande plass i matskikkane for ei høgtid som i så stor grad er knytt til jødisk kultur og religion. Men så er tradisjonane knytt til å ete svinekjøt i jula heller ikkje jødiske. Dei er norrøne så gode som nokon – og dermed ei utmerka påminning om at julefeiringa vi har er sett saman av mykje ulikt.
Snorre Sturlason skriv i sin Edda at Odin kvar dag byr til etegilde på flesket av galten Særimne, og at Særimne kvar kveld står opp og er like heil og levande.
I kvadet Gylvaginneng står det :
(Andrimne heiter kokken, og Eldrimne kjelen)
Andrimne
lar i Eldrimne
Særimne syde
flesket er godt
men det er få som veit
kva einherjane et
Grisekjøt var festmat i Noreg, rett og slett. At grisen måtte bøte med livet når det skulle haldast gilde, var heilt vanleg. Då er det kan hende ikkje så vanskeleg å tenkje seg at grisar, dersom dei er opptekne av eksistensielle spørsmål, kan hende undrar seg over om det kan vere eit liv etter jula…
Eit muntert a propos til det er denne «grisevisa» av og med Allan Edwall :
Og skulle einkvan trenge gode råd når det gjeld slakting av gris, har den gode historieformidlaren Arne Høyland eit godt råd her :
Hausten 2023 hadde eg gleda av å framføre denne songen på framsyninga «Nordhordland – frå hav til fjell», som baserte seg på eit knippe av Arne sin store produksjon av viser som handla om liv og natur i denne delen av landet vårt som vi kallar «heime».
Nedunder er peikar til ei lydfil der du kan høre min versjon av «Skolda grisen». Han på biletet under var ein ullgris som heldt til på garden der sonen min og familien bur. Det gjekk nok med litt varmtvatn då den karen skulle skoldast, ja!
Biletet øvst på sida er teke av Alice Wiegand. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.
Biletet av svinehovudet på julebordet er teke av Holger Elgaard. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.
Det nedste grisebiletet har eg sjølv ansvaret for.
Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.