Tidlegare ordførar i Oslo, Peter N Myhre, skriv dette i ein kommentar til «frisørdommen» i Jæren tingrett: «Interessant. Man har altså ingen rett til å avvise noen. Så hvis en mann iført naziuniform kommer inn i en frisørsalong så skal frisøren bare høflig si -Velkommen, sitt bare ned herr obersturmbannführer, hvordan skal vi ha det i dag?»
Ein kan lese meir om det i denne artikkelen frå NRK.
Når eg ser artikkelbiletet av Peter N Myhre, kan eg på sett og vis forstå at mannen argumenterer som han gjer. Han vil truleg gjerne ha høve til å få stelt barten han også, og kan vel ikkje ta toget til Bryne kvar gong behovet melder seg…
12.09.16: Om bartar og annan hovudprydnad