Ein frisør er ( sannsynlegvis med rette ) idømt ei bot på 10.000 kr for diskriminering av di ho nekta ei kvinne med hijab tilgjenge til frisørsalongen sin. Frisøren grunna åtferda si mellom anna med at ho var redd folk i hijab. Kan hende ho i staden for bot skulle vore idømt samfunnsteneste, til dømes tretti timar med klypp og farging av håret til kvinner som elles ber hijab. Eksponeringsterapi skal kunne hjelpe for den typen angst som frisøren hevdar å ha – sjå denne artikkelen.
12.09.16 : Samfunnsteneste som eksponeringsterapi ?