Radikalisering, kva er det? Vi veit at det skjer. Er det noko å gjere med det?

I løpet av tretti dagar gjennomførte og dokumenterte NRK-journalist Ludvig Løkholm Lewin eit prosjekt der han gjennomgjekk eit klassisk radikaliseringsmønster. Resultatet vart ein dokumentarfilm som er vist på NRK, og som kan sjåast på nett-TV. Ein finn filmen ved å peike og klikke her.

Eg vil rå alle – uavhengig av kva dei elles måtte meine om utgangspunktet for journalisten sin radikaliseringsprosess – til å sjå reportasjen. Dette er ein film til å verte klok av, trur eg. Filmen gir oss eit innsyn i kva som kan skje i eit menneske som er på veg vekk frå dei verdiane som er gjengs i det miljøet vedkomande er – eller i alle fall har vore – ein del av. Dette skjer på to plan : Journalisten fortel ope om dei kjenslane og reaksjonane har sjølv opplever, og ein politimann som har arbeidd direkte opp mot folk som er på veg inn i radikaliseringa, gjev ei meir ålmenn innføring i kva som skjer.

Det kan sjå ut som at ein viktig faktor i radikaliseringsprosessen er opplevinga av utestenging og ei framandgjering frå det miljøet ein tidlegare har høyrt heime i. Ein bøter på dette ved å søkje fellesskap hos sine nye likesinna, som ein utan vanskar kan nå via internett. Dette kan igjen føre med seg at dei oppfatningane ein er i ferd med å tileigne seg, vert forsterka. Ein vond spiral kan ha oppstått.

Radikalisering er blitt eit fenomen vi har sett fleire og fleire utslag av dei siste åra. Filmen syner at radikaliseringsprosessar ikkje skjer i eit vakuum. Det opnar for at vi som måtte ha augene opne for at det også kan skje i vår omgangskrins, kan bidra for å hindre at det skjer.

Og hindre radikalisering, det vil vi vel?

«Ekkokammer» – om å isolere seg og å verte isolert