Etter to år med syttandemaifeiring prega av pandemi, var det godt å kunne vende attende til meir tradisjonelle feiringar av dagen. Sjølv feira eg dagen saman med familie, vener og grannar på den lokale skulen. Her kunne eg glede meg over svært godt frammøte – og sanneleg kunne det sjå ut som om dei andre frammøtte gledde seg over det same.
Men før dette vitja eg ein annan del av kommunen og heldt syttandemaitale for folk der. Dei har ein litt annan tradisjon for si feiring enn vi i grannelaget der eg bur. Der samlast folk om føremiddagen til ei felles markering med gudsteneste, blomeseremoni på kyrkjegarden, og eit lite program som vert avslutta med tale for dagen. Så reiser kvar til sine grendelag, og held fram med feiringa der.
Talen har eg vald å attgi her.
Kjære alle saman.
Gratulerer med dagen. Ja, det er all grunn for oss til å gratulere kvarandre med at vi har ein nasjonaldag som denne. Ein dag som eigentleg berre har eitt føremål: Å styrke samhaldet i samfunnet vi er ein del av.
For ein del år sidan høyrde eg eit kåseri på radio, der kåsøren peika på at vi i Noreg feirar to slags fellesskap: I jula feirar vi det vesle fellesskapet – familien, slekta, heimstaden. 17. mai er dagen der vi feirar det store fellesskapet vi er ein del av. Vi feirar Noreg, og vi feirar kvarandre som medborgarar i denne nasjonen.
Men kven er det vi feirar, eigentleg? Kven er det vi ser på som medborgarar i dette flotte landet vårt? Då Kong Harald i 2016 skulle markere at han hadde vore konge i Noreg i 25 år, inviterte han folk frå alle delar av landet og frå ulike samfunnslag til ein stor fest på slottet. Der heldt kongen ein velkomsttale som eg synest på ein fin måte set namn på kva vi nordmenn er. Eg vil gjerne få sitere eit utdrag frå denne talen:
«Dere som er samlet her utgjør bredden av det Norge er i dag. Så hva er Norge?
Norge er høye fjell og dype fjorder.
Det er vidder og skjærgård, øyer og holmer.
Det er frodige åkre og myke heier.
Havet slår mot landet fra nord, vest og syd.
Norge er midnattssol og mørketid.
Det er både harde og milde vintre.
Det er både varme og kalde somre.
Norge er langstrakt og spredt bebodd.
Men Norge er fremfor alt mennesker.
Nordmenn er nordlendinger, trøndere, sørlendinger
– og folk fra alle de andre regionene.
Nordmenn har også innvandret fra Afghanistan, Pakistan og Polen,
Sverige, Somalia og Syria.
Mine besteforeldre innvandret fra Danmark og England for 110 år siden.
Det er ikke alltid så lett å si hvor vi er fra, hvilken nasjonalitet vi tilhører.
Det vi kaller hjem, er der hjertet vårt er
– og det kan ikke alltid plasseres innenfor landegrenser.
Nordmenn er unge og gamle, høye og lave, funksjonsfriske og rullestolbrukere.
Stadig flere er over hundre år.
Nordmenn er rike, fattige og midt i mellom.
Nordmenn liker fotball og håndball, klatrer fjelltopper og seiler
– mens andre er mest glad i sofaen.
Noen har god selvtillit, mens andre sliter med å tro på at de er gode nok som de er.
Nordmenn jobber i butikk, på sykehus, på oljeplattform.
Nordmenn arbeider for at vi skal være trygge,
arbeider med å holde landet rent for søppel,
og leter etter nye løsninger for en grønn fremtid.
Nordmenn dyrker jorda og driver fiske.
Nordmenn forsker og lærer bort.
Nordmenn er engasjert ungdom og livserfarne gamle.
Nordmenn er enslige, skilte, barnefamilier og gamle ektepar.
Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter,
og jenter og gutter som er glad i hverandre.
Nordmenn tror på Gud, Allah, Altet og Ingenting.
Nordmenn liker Grieg og Kygo, Hellbillies og Kari Bremnes.
Med andre ord: Norge er dere.
Norge er oss.
Når vi synger «Ja vi elsker dette landet»,
skal vi huske på at vi også synger om hverandre.
For det er vi som utgjør landet.
Derfor er nasjonalsangen vår også
en kjærlighetserklæring til det norske folk.
Mitt største håp for Norge er at vi skal klare å ta vare på hverandre.
At vi skal bygge dette landet videre – på tillit, felleskap og raushet.
At vi skal kjenne at vi – på tross av all vår ulikhet – er ett folk.
At Norge er ett.»
For meg er det naturleg å tenkje at 17. mai er ein dag der kvar og ein av oss har høve til å gjere det Kong Harald vonar at vi skal, nemleg «kjenne at vi – på tross av all vår ulikskap – er eitt folk». Men er det slik? Svaret mitt er todelt – både ja og nei.
Her eg står framfor dykk, ser eg på noko av det som gjer at eg kan svare «ja». De som sit her, har iført dykk finkleda og gått mann av huse for å samlast med familie, vener og grannar, og på den måten synleggjere at de ynskjer å vere ein del av den store fellesskapen. Før de kom hit, har mange av dykk heist flagget for å markere at dette er ein spesiell dag. Mange av dykk går i klede som fortel at de har ei geografisk tilknytning til ein eller annan stad i landet vårt.
Ut gjennom dagen skal de halde fram med å vere i lag, og ved å gjennomføre resten av dagen i tråd med det som er tradisjon i dykkar grannelag, knyter de band attende til tidlegare år, og syner at dagen i dag står i ein særskilt tradisjon.
Men vår markering av 17. mai kan også gjere det freistande å seie «nei» til spørsmålet om vi verkeleg framstår som eitt samla folk på ein dag som i dag. Og eg har lyst til å gi eit døme på det: det gjeld spørsmålet om bruken av flagg. I år er det aktualisert gjennom spørsmålet om å ha med ukrainske flagg i 17. mai-toget, som eit uttrykk for solidaritet med folket i Ukraina. Meiningane er delte, og eg reknar med at dersom de var blitt spurde om det er greitt å tillate bruk av andre flagg enn det norske i 17. mai-feiringa, ville nok svaret vore ulike her også.
For min del synest eg det må vere greitt at andre flagg enn det norske kan vere med i markeringa av nasjonaldagen vår. For å forklåre standpunktet mitt, vil eg ta ein kjapp sving innom ein annan viktig og svært synleg del av måten vi høgtidar nasjonaldagen vår på. Eg vil seie nokre ord om bruken av bunadar.
Eg har ein bunad sjølv. Den har eg vokse ut av – på tvers. Men då eg fekk plass i han, syntest eg det var høgtid å ta han på og gå med han. Og tidvis ei lise å få han av att. Vadmål og strikka ullsokkar kan verte i heitaste laget når temperaturen kryp over dei tjue.
Skulle eg no skaffa meg ein ny bunad, er det ikkje gitt kva bunad eg skulle hatt. Slekta mi – både på fars- og morssida – er frå øyene vest for Sotra, og bunaden min er ein sotrabunad. Men eg har budd meir enn halve livet i Masfjorden og reknar meg som masfjording – ikkje av fødsel, men av overtyding. Kva skulle eg ha vald, sotrabunad eller masfjordbunad? Eg veit ikkje.
Ein bunad fortel sitt om personen som ber han, eller rettare: Han fortel litt om kvar røtene til vedkomande er. Så når vi ser eit 17. maitog med setesdalsbunadar, hardangerbunadar, masfjordbunadar, kofter eller beltestakkar, så ser vi folk frå ulike delar av landet som er komne saman for å vere saman og på den måten synleggjere samhald.
For meg har framande flagg i 17. maitoga om lag same funksjonen. Det er som om berarane seier: «Hei, eg er frå – for å sitere talen til kongen – Afghanistan, Pakistan, Polen, Sverige, Somalia eller Syria. Men her er eg, og her vil eg vere, saman med dykk andre som eg deler heimstad med.» Eg ser ikkje på dette som forakt for vårt eige nasjonalsymbol, men meir som eit uttrykk for vilje til å delta i fellesskapen med den bakgrunnen ein har, og som ein ikkje kan eller bør leggje skjul på.
Og når vi er inne på dette med bruken av flagg, så er det vel eitt flagg som meir enn andre har provosert folk, og det er det sokalla regnbogeflagget. Då dette flagget vart heist ved Eidsvoldsbygningen 21. april i år som ein del av markeringa av at det var femti år sidan homoseksulle aktivitear mellom menn vart avkriminalisert i Noreg, var det mange som reagerte negativt.
Men slik eg ser det, markerte denne handlinga at storsamfunnet har akseptert sanninga i det som kongen så fint sa i sin tale – og eg siterer: «Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre.» Då vert denne symbolhandlinga eit lite steg på vegen mot det eg trur er den viktigaste ressursen Noreg har, eit ope og inkluderande samfunn.
Det samfunnet har så visst ikkje kome rekande på ei fjøl. Vi skal ikkje underslå at den fridomen som er gitt i vårt demokratiske styresystem, og som vi i dag lovprisar så høgt, på ingen måte har vore forankra i Grunnlova vår sidan ho vart underskriven på Eidsvoll 17. mai 1814. Eit kort historisk sveip kan synleggjere dette:
I §2 i Grunnlova frå 1814 stod fylgjande: «Jesuitter og Munkeordener maae ikke taales. Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget.» Ein av dei mest kjende talspersonane for å gi jødar adgang til å kome til Noreg, var Henrik Wergeland. Han fekk ikkje oppleve at lova vart endra, men i 1851 vart den delen av §2 som handla om jødar, fjerna.
I 1897 vart munkeordenar tillatne i Noreg, og så seint som i 1956 vart det tillate for jesuittar å kome til landet. Dette siste var ein naudsynt konsekvens av at Noreg slutta seg til Den europeiske menneskerettskonvensjonen.
Eit anna interessant døme på korleis lovverket endra seg er korleis ein innretta val til Storting og kommunestyre. Her kjem eit kort og sterkt forenkla oversyn over korleis stemmegiving vart regulert:
I 1814 vart stemmerett kun gitt til menn over 25 år som hadde hatt opphald i landet i meir enn fem år, dei måtte vere eller ha vore embedsmenn, sjølveigande bonde eller ha bygsla matrikulert jord i meir enn fem år. Var ein kjøpstadborgar eller eigar av kjøpstad eller ladestad til ein verdi av minst 300 riksbankdaler, hadde ein også stemmerett.
Etter kvart vart gruppa av menn med stemmerett auka, ved at fleire og fleire krav vart lempa på eller fjerna heilt. Ålmenn stemmerett for menn ved stortingsval kom i 1898, og ved kommuneval i 1901.
I 1909 fekk kvinner som hadde fylt 25 år, som betalte eit visst minimum av skatt skatt eller hadde formuesfellesskap med menn, stemmerett. I 1913 fekk kvinner ålmenn stemmerett på lik line med menn.
I dag har alle norske statsborgarar uansett kjønn som vil ha fylt 18 år i løpet av valåret, stemmerett. Dei må også vere, eller ha vore, folkeregistrerte som busette I Noreg, og stå i manntalet i ein kommune.
Samanliknar enn dagens valordning med valordninga frå 1814, vil nok dei fleste seie at dette er tilpassingar som både er rimelege, rettferdige og naudsynte. Dei er uttrykk for endringar i samfunnet, ei demokratisering vil kan hende dei fleste seie. Og det er bra at vi har eit samfunn som evnar å forhalde seg til endringar, og kan justere seg deretter.
For endringar opplever vi, dagleg. Og mange av desse endringane kan opplevast som negative, til dømes av di dei utfordrar dei haldningar, meiningar og verdiar vi sjølve står for. Eller rett og slett fordi vi synest det vert vanskeleg å fylgje med på alt det nye.
Og lat oss ta det siste fyrst: Det er vanskeleg å skulle fylgje med på det nye. Lat meg ta eit døme: For litt sidan fekk eg eit høfleg brev frå banken min om at eg måtte legitimere meg på nytt. Konsekvensen av ikkje å gjere det, kunne i verste fall verte at eg ikkje lenger ville ha tilgjenge til eigne pengar, og til dømes betale rekningar.
Eg forstår bakgrunnen for initiativet frå bankane, for eg veit at dette er naudsynte tiltak for å forebyggje kriminalitet. Men for å få legitimert meg på nytt, trong eg tilgjenge til internett, ein smarttelefon, eit nettbrett, eit gyldig pass – samt ein smule sinnsro undervegs når ting ikkje gjekk heilt slik eg hadde forventa.
Til tross for at eg hadde øvd meg ved å prøve å hjelpe ein annan med dette, og eg hadde førebudd meg ved å ha installert alle relevante app-ar på telefonen og ha alt eg trong lett tilgjengeleg, tok heile prosessen meir enn ti minutt, der mesteparten av tida gjekk med på å vente på at systemet skulle respondere, utan at eg visste om alt var greitt, eller om systemet hadde gått i stå.
Eg kan forstå at folk gjev opp. Og eg fryktar at vi er inne i ei tid der vi vil sjå fleire og fleire slike situasjonar som fylgje av eit stadig meir digitalisert samfunn. Frykten min er knytt til at for nokre vil denne omstillinga verte sopass omfattande at dei gjev opp, og dermed fell utanfor.
Utanforskap er eit ord som eg oftare og oftare støter på. Som ein del av førebuinga av denne talen valde eg å google ordet «utanforskap». Eg fekk rundt 470.000 treff, og eg tek det som eit teikn på ei utvikling vi ikkje ynskjer: at vi står i fare for å stelle oss slik at fleire og fleire vert isolerte frå samfunnet elles, rett og slett av di dei ikkje klarar å henge med.
Men ei slik utvikling er ikkje bygd på ei naturlov, og det finnest råd for noko av dette. Her vil eg nemne eitt tiltak: frivillig innsats for kvarandre. Året 2022 er oppnemnd til frivilligåret, og her i kommunen er vi i ferd med å etablere ein ny, kommunal frivilligsentral som kan verte eit viktig bidrag i kampen mot utanforskap. Her kan vi alle bidra med førebyggjande innsats.
Også på ein annan måte kan vi førebyggje utanforskap, og det ser ut til at vi er rimeleg flinke til det også: Mange har teke til orde for at vi må ta godt vare på våre russiske naboar, vener og kollegaar, og gjere det klårt for dei at vi er motstandarar av krigen i Ukraina, men ikkje fiendtleg innstilt til dei som russarar. Mange har vore romslege og omsorgsfulle, og det er godt for alle å verte møtt av romslege og omsorgsfulle folk.
Men er vi like romslege med alle? Svaret er dessverre eit klårt «nei», og for å henge bjølla på katten med det same: I det offentlege rom manglar det ikkje på utsegner knytt til islam og muslimar, og mange av desse utsegnene har eit innhald og ein form som må vere svært vanskeleg for ein vanleg muslim å møte. Eg er sterkt kritisk til mykje av dette, av to grunnar.
For det fyrste kan det sjå ut som at einskilde vel å ta dei mest ekstreme versjonane av religionen, og overføre dei til alle muslimer. Det er like urimeleg som å kritisere kristendommen for alt det grusomme som har skjedd i den kristne delen av verda, og til dels i kristendommen sitt namn. Vi gjer det ikkje, av di vi kjenner kristendommen betre, og vi forstår at det ikkje går an å la ein vanleg kyrkjegjengar få unngjelde for det andre har gjort med sokalle kristeleg tankegods som grunngjeving.
Uklokt er det også. Ved å så mistru til andre, byggjer ein skilje mellom menneske. Ein bidreg altså til det stikk motsette av det Kong Harald ynskte at vi skulle arbeide mot: å verte eitt folk, med alle dei ulikskapane vi har. I staden for eitt mangfaldig samfunn risikerer vi å få ei rekkje parallellsamfunn. Vi skal ikkje langt ut i verda før vi ser verdien av at vi som folk kan oppfatte oss sjølve som eitt.
Eg trur at eit viktig bidrag til at vi kan framstå som eitt samansveisa folk, er nettopp å anerkjenne at vi er ulike, har ulik tru og ulike verdiar, og at vi gir kvarandre rom for denne ulikskapen. Men det er ikkje det same som at vi ukritisk gjer slepp på eigne meiningar, eigne haldningar, eigne verdiar. Vi har eit ansvar for å fremje dei meiningane, dei haldningane og dei verdiane vi meiner er rette og verdfulle.
For det er ikkje slik at vår kultur, våre tradisjonar og våre verdiar går til grunne av di vi vert eksponerte for andre kulturar, andre tradisjonar, andre verdiar. I den grad vi ser at delar av kulturen og det vi kallar verdigrunnlaget vårt, forvitrar og forsvinn, så er det helst av di vi sjølve ikkje tek vare på det.
Kultur og verdiar vi tek oss bryet med å halde liv i, forvitrar ikkje og forsvinn ikkje. Her er 17. mai eit godt førebilete. Vi samlast som vener og gode grannar, og på den måten fornyar vi kjensla av å høyre saman. Ikkje berre denne dagen, men i alle dagane som kjem.
Så 17. mai er ein fin festdag. Men han er også viktig. Så bruk dagen godt. Gjer han til ei fin oppleving samen med dine – og med naboen sine. Og ta med den fine opplevinga med inn i dagane som skal kome.
Gratulerer med dagen, og takk for at du høyrde på!