Ikkje alle dikt er gitt ut i bokform. Dette diktet fann eg på eit fotografi av eit brødfat.
Eg har veldig sans for dette diktet. Oppvask er ikkje det kjekkaste eg veit, men diktaren vel å sjå på oppvask som noko positivt. At vi har noko å vaske opp er eit teikn på at vi har hatt noko på tallerkane våre. Mat på bordet er ikkje alle gitt. Vi har grunn til å vere takksame for at vi har ein oppvask å ta.
Thank God for dirty dishes;
They have a tale to tell.
While others may go hungry,
We’re eating very well
With home, health, and happiness,
I shouldn’t want to fuss;
By the stack of evidence,
God’s been very good to us.
Biletet på toppen er eit utsnittt av måleriet «Det blå kjøkkenet» av Ludvig Karsten. Meir informasjon om han og måleriet får du ved å peike og klikke her.