Mikael Wiehe er ein mann som skriv songtekstar med meining. Det er ikkje alltid eg har same meining som han, men eg synest mykje av det han skriv er god mat for tanken.
For nokre år sidan vart eg beden om å skrive eit avslutningsnummer til ei teaterframsyning som elevar i tiande klasse ved skulane i Masfjorden skulle setje opp. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle skrive, men ein morgon vart «En song till modet» av Mikael Wiehe spelt på radio, og då fekk eg ein idé om at ei norsk omsetjing av denne songen kan hende kunne fungere. Dermed gjekk eg i gang med å prøve meg på ei gjendikting av songen.
Det vart ikkje til at den norske omsetjinga mi vart nytta. Men songen har fylgd meg gjennom livet sidan den gongen, og det er noko med han som rører meg djupt kvar gong eg høyrer han. Difor presenterer eg teksten her, både i original og i mi gjendikting.
Ein song til motet
Tekst og musikk : Mikael Wiehe
Her er ein song til motet Det er ein enkel song til dei som trur, i natta svart at dagen gryr ein gong Her er ein song til motet ein enkel melodi Eg syng, og tenner lys og håp Det er det meining i
Her er ein song til motet til glede, håp og skratt Til dei som veit, der hatet rår at kjærleiken kjem att Til alle som slår seg saman Til alle som stiller krav Til alle som veit om vanskane men ikkje bøyer av
Her er ein song til motet hos dei som vågar sjå og ikkje snur seg stumme vekk men seier klårt ifrå Til alle som byggjer bruer og slepper andre til Til dei som synest alle må få leve slik dei vil
Her er ein song til alle som nektar å gje opp men kjempar mot dei kreftene som står og seier «STOPP!» Til alle som ber ein draum om – og vil – ei betre verd og veit dei aldri må gi tapt skal det bli betre her
Her er ein song til motet han kjem frå hjartet mitt Eg vonar desse enkle ord når fram til hjartet ditt Så vakta han vel, og bruk han ja, nynn på han iblant Då veks han fritt og sprer seg i vårt store, vakre land
En sång til modet
Text & musik : Mikael Wiehe
Här är en sång till modet Den är til alla dom som vågar tro på morgondan fast natten är så lång Här är en sång till modet en liten, enkel låt Det kanske verkar meningslöst Men jag sjunger den ändå
Här är en sång till modet til glädje, hopp och skratt Till dom som tror på kärleken fast hatet är så starkt Till alla som slår sej samman Till alla som ställer krav Till dom som vet hur svårt det är och ändå säger «ja»
Här är en sång till modet hos dom som vågar se Som inte låter tysta sej men säger som det är Till alla som bygger broar Till alla som släpper in Till dom som tror att människan kan göra det, hon vill
Här är en sång till alle som vägrar att ge opp Till dom som kämpar vidare fast livet er så hårdt Till alla som vågar längta til nåt, dom aldrig sett Som inte låter kuva sej men håller på sin rett
Här är en sång till modet Den âr fråm mej till dej En liten enkel visa med det jag helst vil säg» Så vårda den väl och lär den och nynna den ibland För då växer den och sprider sej i hela Sveriges land
For dei som ikkje kjenner denne songen frå før, har eg gleda av å dele dette opptaket av han, framført av Mikael Wiehe sjølv :
Biletet av Mikael Wiehe øvst på sida er teke av Bengt Nyman. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.