Vi som er innom ulike fora og sosiale medier på internett, veit at det er mykje ulikt som rører seg der ute. Internett er blitt alle manns talarstol. Og mange nyttar seg av han.

Men kven er desse som brukar tid og krefter på å fylle kommentarfelt og sosiale medier for å dele med andre det dei sjølve ikkje ynskjer å brenne inne med?

Det kan vere lett for oss som ikkje kjenner desse menneska, å danne oss oppfatningar av kva slags folk dette må vere. Spesielt lett kan det vere å danne seg stereotype meiningar om folk som tenkjer og meiner annleis enn oss sjølve, og kan hende uttrykkjer seg annleis enn vi sjølve ville gjort. Då kan det vere greitt at nokon har bidrege til å gjere oss litt betre kjende med nokre av desse debattantane.

For VG har journalist og fotograf Kyrre Lien laga ein portrettserie av 15 temmeleg ulike nettdebattantar. Resultatet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Eg synest dette er blitt ein svært interessant og tankevekkjande reportasje. Ikkje mindre tankevekkjande er ein del av dei kommentarane som i ettertid er knytt til denne reportasjen.

Eg trur difor det er mange som kan sjå seg tent med å bruke litt tid på denne reportasjen.

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit japansk tresnitt. Eg valde det på grunn av blikket til personen som er portrettert – det ga meg assosiasjonar til vidsynet einskilde legg for dagen når dei diskuterer på nettet…

Meir informasjon om biletet finn ein ved å peike og klikke her.

 

 

Litt om kva ein kan finne på nettet