At vide hvad man ikke ved
Er dog en slags alvidenhed

Piet Hein

Ein artikkel henta frå magasinet Forbes si heimeside fortel litt om den eksplosive auken i mengda informasjon kvar av oss har tilgjenge til. Artikkelen er frå 2015, og det kan godt tenkjast at tala som er oppgitt, ikkje stemmer heilt med det ein no veit.

Men dei er tilstrekkeleg presise til at dei byggjer under noko vi alle bør ta inn over oss: Livet vårt er  ikkje langt nok til at vi kan rekkje å setje oss inn i meir enn ein liten brøkdel av all kunnskap som vi har tilgjenge til. Og for kvar dag som går, vert denne brøkdelen mindre og mindre, uansett kor hardt vi prøver å oppdatere og utvide kunnskapen vår.

Men det er ikkje berre det at informasjonsmengda aukar radikalt. Ho kjem til oss på ein annan måte enn før. Då eg studerte, var mesteparten av informasjonen formidla gjennom bøker, eller gjennom forelesningar. Dette førde med seg to ting: Den eine var at informasjonen var utvald og kvalitetskontrollert. Men like viktig var at informasjonen vart presentert i ein samanheng. Vi vart presenterte for samanhengar som vi ikkje utan vidare såg sjølv.

I dag er situasjonen ein annan. Det eine er at vi sjølve etter fattig evne må sikre at informasjonen vi orienterer oss i, faktisk stemmer. Det er ei utfordring i seg sjølv. Men like viktig er det at vi ofte må setje informasjonen inn i relevante samanhengar på eiga hand. Det er god grunn til å spørje kva føresetenader vi har for å gjere akkurat det.

Resultatet ser vi: Mange leitar etter – og finn – informasjon som stadfestar det dei på førehand trur eller meiner dei veit. Kvar informasjonen vert henta frå, er mindre i fokus. Og så får vi spreiing av synspunkt som i beste fall er feilaktige, og som i verste fall kan ha alvorlege konsekvensar for folk som agerer i tråd med denne informasjonen.

Eg er meir enn ein gong blitt kritisert for å spørje etter referansar for påstandar eg møter, eller for folk sitt grunnlag for det dei meiner. Men eg gjer dette av to grunnar:

  • Den eine er at eg gjerne vil ha klårt for meg og andre som måtte lese ytringane, at desse er basert på noko anna enn berre tøv. For det kan vi ikkje ta for gitt.
  • Den andre grunnen er at eg faktisk ynskjer å få del i påliteleg og relevant informasjon som elles ville gått «under radaren» hos meg.

Men kunnskap er meir enn informasjon. Kunnskap er informasjon sett i system. Systemet byggjer vi sjølve, ved at ny informasjon vert lagt til den vi alt har. Ofte i samspel med andre, i ein sosial kontekst.  Våre eigne haldningar og verdiar vert også viktige verktøy i denne bygginga, og resultatet vert unikt.

Om byggverket vert solid og står seg, vil gjerne vere avhengig av dei som er med på å reise byggverket – og på kvaliteten på byggjesteinane, informasjonen, vi brukar. Men det svarar seg å leggje arbeid ned i byggjinga. For som det står i Håvamål:

Betre byrdi du ber «kje i bakken
enn mannavit mykje. 

Betre byrdi du ber kje i bakken…