Ansel Adams ( 1902 – 1984 ) er for meg den analytiske estetikaren. Bileta hans er vakre og teknisk briljante. Mange av dei var tekne med storformatkamera. Når ein nytta storformatkamera, var ikkje filmen på rull som i eit småbiletkamera.
Henri Cartier-Bresson – den spontane estetikaren
Henri Cartier-Bresson ( 1908 – 2004 ) er for meg den spontane estetikaren. Eit kjenneteikn ved stilen hans er at bileta ofte har ein tydeleg geometrisk komposisjon og samstundes eit spontant uttrykk. Mange av bileta hans er uoppstilte augneblinksbilete av