«Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.» Luk.2.7
14. desember – Du grøne, glitrande tre god dag
I min barndom var 14. desember ein litt spesiell dag. Det var ti dagar att til julaftan, og på tide å starte opp juletresalet.
13. desember – Santa Lucia, lys i mørkret
Før kalenderreformen i år 1700 var 13. desember ein av dei aller mørkaste dagane i året. Etter den tid kom 13. desember ti dagar tidlegare. Men framleis er det ein mørk dag.
12. desember – Velkomen inn i varmen
Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit bilete laga av den japanske kunstnaren Hiroshige. Det er laga i 1830-åra, men kjennes likevel såre aktuelt.
11. desember – Jesous Ahatonhia, eldste julesongen i Canada
I 1642 skreiv den franske jesuittmunken og misjonæren Jean de Brébeuf denne songen, som altså heiter Jesous Ahatonia, men som også er kjend som «The Huron Carol». Songen tolkar juleevangeliet, men plasserer det i rammer som var kjende for huronarane – på same
10. desember – Navidad nuestra, «Vår jul»
Alf Prøysen presenterte juleevangeliet i si Julekveldsvise. Felix Luna og Ariel Ramirez brukte litt fleire songar på å formidle same historia.
09. desember – Julekveldsvisa, ei norsk juleforteljing
Julekveldsvisa er blitt allemannseige : Ho står i salmeboka, og er foreslegen som allsong i Humanetisk forbund sitt hefte «Inkluderende juleavslutning» – sjå side 13 i heftet.
08. desember – Adventsmusikk
Advent og jul er rik på musikalske tradisjonar, og eg er både oppteken av og svært glad i mykje av musikken som er knytt til denne tida.
07. desember – Om julegrauten
Kvar julaftan et vi graut heime hos oss. Det er praktisk, og det er godt. Men er det eigentleg julegraut vi et? Det er eg etter kvart begynt å tvile på.
06. desember – Om ein gamal biskop og andre gamle folk
6. desember er dagen til den heilage Nikolaus, som i åra 280 til 300 var biskop i byen Myra, som ligg sør i det noverande Tyrkia. Han er kjend av mange, men helst under andre namn. Nokre kallar han Nils,