Cordoba ligg inne i landet, om lag ein times togtur frå Malaga. Byen er verkeleg turen verdt.

Cordoba har ein rik kulturarv. Romarane, visigotararane, maurarar, jødar, kristne – alle har dei sett spor etter seg her. Ein treng ikkje gå langt for å finne dei, heller. I alle fall ikkje dersom ein gjer som oss, og finn overnattingsplass i la Juderia, det gamle jødiske kvarteret.

Herfrå er det berre nokre få hundre meter til det som med ein viss rett kan kallast den største turistattraksjonen i Cordoba : Moskékatedralen. Dette byggverket er i utgangspunktet ein moské, som skal vere den tredje største i verda. Og midt inne i denne ligg ein praktfull katedral. Her finn ein døme på det ypperste av islamsk og kristen byggjekunst gjennom fleire århundre. Sjeldan har eg sett så tydeleg korleis ulike kulturar kan påverke og berike kvarandre som akkurat i denne byen.

Eit stykke vest for Cordoba ligg eit enormt arkeologisk felt, eitt av dei største i verda. Ein gong var det ein by her – Madinat Al-Zahra. Byen, som vart oppført som residensby for ein av kaliffane, tok 10 år å byggje. Han var i bruk i om lag 80 år. Då vart han øydelagt. Det har vore arbeidd med utgravingar i ei årrekkje, og om lag 12% av området er utgravd. Ein del av funna er utstilt i eit eige, moderne museum.

Det er råd å reise ut dit frå Cordoba med ein eigen buss. Ein kan vitje muséet, og ein kan vitje utgravingane – i alle fall dersom veret er noko betre enn det var den dagen vi reiste ut dit.

Frå Cordoba tek det to timar med tog til Madrid. Turen er soleis lenger enn mellom Malaga og Cordoba. Men utsikta frå toget er langt flottare. Delar av togstrekninga går gjennom eit vakkert skogkledd landskap. Kunne eg velje reiserute attende til Cordoba, ville eg nok heller ha reist via Madrid enn via Malaga.

Cordoba – ei kulturell skattkiste