I slutten av mai 2015 kunne ein lese om fotografen som fakturerte fleire idrettslag for tusenvis av kroner av di dei hadde nytta eit bilete ho hadde teke, uløyves.

Faktureringa vart omtala av fleire. Ein artikkel frå Bergens Tidende kan ein lese ved å peike og klikke her, og ein annan artikkel om same saka som vart attgitt på sidene til abcnyheter.no, og kan lesast ved å peike og klikke her.

Artiklane fortel i grove trekk same historia. Kort attfortalt er den slik :

  • Fotografen sitt bilete er lagt ut på nettet av fotografen.
  • Folk har uløyves teke biletet i bruk ved å attgi det i ulike samanhengar.
  • Fotografen har fakturert dei som ho har oppdaga har attgitt biletet hennar.
  • Mange har reagert på storleiken på beløpet dei er fakturert for.

Eg forstår fotografen som ikkje vil finne seg i at bileta henner utan vidare vert nytta til andre folk sine føremål.

Men etter å ha sett biletet det gjeld, forstår eg også svært godt reaksjonen til dei som har motteke rekning frå fotografen.

Eg synest det er OK at fotografen tek seg betalt – men det får då vere grenser!

Meir tenkjer eg ikkje å sei om saka. Det er ho ikkje verd.

For min del vart forresten saka til ein liten vekkjar. Eg stengde ned heimesida mi og gjekk gjennom alle bileta eg har lagt ut på henne. Sjølv om eg veit at bileta eg har liggjande der, neppe krenkjer rettane til nokon av dei som har teke dei – eg er sjølv opphavsmannen til dei aller fleste – har eg no sytt for å dokumentere at illustrasjonsbilete eg ikkje har teke sjølv, er lovleg publisert. No er den jobben gjort, og heimesida opna på nytt.

Og så går det an å glede seg over andre fotografar, som har eit litt anna syn på dette med deling. Thomas Leuthard, til dømes. Ein liten presentasjon av han kan ein finne ved å peike og kikke her.

Eg ynskte også å pryde denne artikkelen med eit norsk flagg, men eg valde å ikkje ta nokre sjansar. Biletet er ein kopi av et flaggsirkulære frå 1899. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Om tjuveri og grådigheit