Norsk er ikkje enkelt. Noko av det som kan vere verkeleg vrient, er dei biletlege uttrykkja som språket vårt er fullt av.
At folk nyttar uttrykk feil, er soleis ikkje til å verte forbausa av. Då er det godt å vite at dersom ein lurar på kva eit uttrykk faktisk tyder, så kan hjelpa finnast på nettet.
For litt sidan var det er gamal ven av meg, Per Jon Odéen, som gjorde meg merksam på bloggen «klisjeer.no». Han som skriv og driv denne bloggen heiter Hans Tvedt. Om denne mannen veit eg ingen verdens ting. Men les ein litt på bloggen hans, ser ein fort at dette er ein kar som veit å finne fram til kjelder for kunnskap, og som raust deler med andre det han finn.
Bloggen inneheld ei rikhaldig og interessant samling av informasjon om mange av dei uttrykka vi gjerne likar å krydre språket vårt med. I tillegg til den språklege informasjonen har Hans Tvedt utstyrt artiklane sine med artige illustrasjonar.
Ein høgst lesverdig blogg, med andre ord. Du kjem til han ved å peike og klikke her.
Biletet på toppen er eit utsnitt av eit fotografi som syner påfuglforhenget på scenen i Pantomimetateret i Tivoli i København. Meir informasjon om biletet finn ein ved å peike og klikke her.