Naturvernforbundet i Nordhordland har ei ytring i Strilen den 3. desember der dei hevdar at «Masfjordbrua er svakt fundamentert og eit elendig klimatiltak». No skal eg medgi at eg ikkje har fagleg kunnskap til å vurdere korvidt fundamenteringa av brukonstruksjonen er god nok. Slikt bør ein kanskje overlate til spesialistane, som i dette høvet neppe er Naturvernforbundet i Nordhordland.

Derimot finn eg det rimeleg å kommentere eit par av dei andre påstandane som kjem i dette innlegget, og vel å begynne med påstanden om at konsekvensutgreiinga er, sitat «diverre prega av synsing med vekt eine og åleine på positive verknader». Det kan kanskje falle naturvernarane tungt for brystet, men ei nærliggjande forklåring kan faktisk vere at desse positive verknadane er høgst reelle – og tallrike, dessforutan. Og når det gjeld fylgjande påstand «Hadde dette vore ei samfunnsvitskapleg eksamensoppgåve, ville ho ha stått til stryk.», skulle det vore interessant å vite kva fagleg grunnlag den påstanden er bygd på.

Naturvernarane har problem med å forstå at Masfjordsambandet kan «leggja grunnlaget for å effektivisera offentlege tenester og utvikla eit betre tilbod til alle innbyggjarane i kommunen». Dei aller fleste av oss som bur og arbeider her i kommunen har ikkje dei problema. Vi veit litt om dette. Det handlar om at tenesteyting som skjer tvers over fjorden må ta omsyn til ferjerutene, noko som har klåre konsekvensar for organisering av tenestene innan pleie og omsorg, til dømes. Det handlar også om beredskap og responstid, mellom anna.

Naturvernarane stiller også spørsmål om korleis det kan ha seg at «Masfjordsambandet vil betra rammeføresetnadene for vidare utvikling av næringsverksemder i Masfjorden og Gulen». Det finnest mange svar på dette – eg vel å ta med dei to mest opplagte:

Det handlar for det fyrste om å få betre konkurransevilkår. Transport og transporttid er ein kostnadsfaktor, og sjølv om naturvernarane av ein eller annan grunn vel å sjå vekk frå dette i sin argumentasjon, er det eit faktum at det ferjesambandet dei meiner er det beste og kortaste alternativet berre har ein avgang pr time i kvar retning.

Dernest handlar det om å nå opp i konkurransen om kompetanse. Livsløpsstudier har slege fast at folk svært ofte etablerer seg med partnar med om lag same utdanningsnivå som ein sjølv, og i dag er hovudregelen at begge går i arbeid. Dermed er det slik at det som oftast ikkje er nok å tilby arbeid til ein, men derimot viktig å sannsynleggjere at begge kan få ein relevant jobb i nærleiken. Paradoksalt nok kan dette bety at eit godt tiltak for å få ein kompetent person hit, er at det er mogleg for ein annan å pendle herfrå.

Naturvernforbundet har ei lengre utgreiing om reiselengd og reisetid, som stort sett ser ut til å vere korrekt. Det er eit faktum at strekninga Sløvåg – Knarvik via Leirvåg er langt kortare enn strekninga via Masfjordnes. Men utgreiinga er spekulativt mangelfull. Ho tek som sagt ikkje høgd for kor ofte den aktuelle ferja faktisk går, og heller ikkje for at vegen ein må nytte når ferja ikkje går, medfører ei ekstra køyrestrekning om lag som avstanden mellom Bergen sentrum og Halhjem.

Så litt om naturvernarane sine spekulasjonar om eventuelle endringar i kommunestruktur på grunn av ei slik bru. Dei stiller fylgjande spørsmål : «Er storkommunen Nordhordland på beddingen igjen? Eller Storgulen?» Det kan vere grunn til å stille eit lite motspørsmål: Er dette problemstillingar de verkeleg oppfattar som reelle?

Nordhordland naturvernforbund er tydeleg oppteken av å verne Austrheim vidaregåande skule. Det er bra. Men det er eit faktum at mange elevar som kjem frå nordsida av Fensfjorden, har sett seg nøydde til å flytte på hybel grunna lang reisetid. Om betre kommunikasjon med meir sentrale delar av fylket kunne føre med seg at fleire unge hadde sett seg tente med å bu heime nokre år til, vil eg hevde at dette er eit viktigare regionalt tiltak enn vern av Austrheim vidaregåande, sjølv om eg svært gjerne hadde sett at denne skulen kunne halde fram. Vil ein verne Austrheim vidagaregåande, finnest dessutan andre og meir målretta tiltak.

Naturvernarane er også opptekne av at ei utbetring av FV570 vil kunne ha konsekvensar for landskap, biologisk mangfald, kulturminne, nærmiljø og friluftsliv. Det vil det sannsynlegvis, og ein må sjølvsagt gjere det ein kan for at ei utbetring av vegen får minst mogleg konsekvensar for miljøet. Her vil nok Naturvernforbundet vere ein truverdig og nyttig samarbeidspartnar med sin spisskompetanse om biologisk mangfald, som til dømes bekkekløfter, og kunne bidra med gode råd om eventuelle skadehemmande tiltak. Men det er slik at behovet for utbetring av denne vegen vil vere der, uansett om det kjem bru eller ikkje, så å bruke utbetring av FV570 som argument mot brusamband vert noko lettvint.

Naturvernarane påpeikar at bygging av ein brukonstruksjon av denne storleiken er eit elendig klimatiltak. Sannsynlegvis har dei rett, dersom dei ser på byggeperioden isolert sett. Korleis rekneskapen vil sjå ut i eit noko lenger perspektiv – lat oss seie 40 år – er meir uklårt. At ei elektrisk ferje vil vere meir miljøvenleg enn noverande løysing, er sjølvklårt. Men det står att for naturvernarane å vise på kva måte ei elektrifisering av ferjesambandet vil kunne løyse dei utfordringane som gjer at så mange i dette området ynskjer seg denne brua.

For det er eit faktum at brua er sterkt ynskt av mange. Felles for dei aller fleste av desse er at dei ynskjer at også denne delen av fylket skal få gode føresetnader for at folk skal kunne slå seg ned her, finne eit arbeid her, og trivast. Og forventningane til eit brusamband over Masfjorden er at dette skal verte eit viktig bidrag til akkurat det.

Naturvernarane er forbiletleg klåre i talen når dei går inn for ei skrinlegging av bruprosjektet, og bed om at ein heller satsar på elektrisk ferjeløysing. Ein kan vere usamd i dette, men det er i alle fall ærleg tale.

Det vert litt meir ullent når naturvernarane bed om tilleggsutgreiingar, for det går tydeleg fram av innleiinga i innlegget deira at dei veit at dersom det ikkje vert send ein søknad om finansiering no, er truleg toget gått. Under dekke av påstandar om mangelfull saksførebuing bed dei om tilleggsutgreiingar av regionale konsekvensar, noko som i verste fall kan medføre at søknad ikkje kan sendast i tide. Denslags taktikk har sitt eige namn – filibuster – og kan vere godt å ha i bakhand når ein ser at eigne argument ikkje vinn fram, eller held mål. Naturvernforbundet i Nordhordland har tydelegvis skjønt sopass.

 

Info om toppbiletet :

By © User:Colin / Wikimedia Commons, CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=48615973

Ei dårleg fundert ytring frå Naturvernforbundet i Nordhordland