Eg har i løpet av dei siste åra brukt ein god del tid på å lese ulike innlegg og ytringar på sosiale media, som til dømes Facebook. Det har tidvis vore interessant, og tidvis alt anna enn interessant.

Det som ofte har interessert meg, har vore utsegner eg har stilt meg undrande til, eller vore heilt usamd med. Dei har somme tider gitt meg nyttige impulsar, og ført til at eg har måtta stille spørsmål ved eigne meiningar og grunnlaget for desse. Nokre gongar har det gjort at eg har endra syn på saker, andre gongar er eg blitt meir overtydd om at det eg alt har trudd og tenkt, faktisk stemmer.

Av og til har desse utsegnene vakt sopass engasjement i meg at eg har kome med tilsvar og kommentarar til det som har vore skrive, og det har til tider ført med seg diskusjonar som har vore interessante på ulike vis. Om desse diskusjonane ikkje alltid har vore like saklege, har dei i det minste synt korleis folk kan reagere når einkvan som er usamd med dei, yter motstand mot det dei har skrive.

Og så har eg lagt merke til noko anna, som eg også synest er interessant: Sjølv om ordvalet kan variere, er ikkje alltid tematikken så veldig variert. Det er dei som med ulike mellomrom kjem med utsegner om kor skummel islam er. Andre har fått det for seg at dersom klimaendringar faktisk er reelle, så skuldast dei i alle fall ikkje menneskeleg aktivitet. Atter andre har som sin hovudbodskap at alt snakket om kjønnsidentitet og seksuell orientering berre er noko vås som psykiatrien får ta seg av. Og å ta vaksiner mot Covid-19 er berre tull. For ikkje å snakke om krigen i Ukraina. Den kan ukrainarane takke seg sjølv for, nazistar som dei er.

Lista kunne vore gjort lengre.

Det er morosamt å lese kommentarfelta etter slike innlegg. Avhengig av emne er det stort sett dei same personane som skryt over innlegga, og rosar dei som klårtenkte. Ein veit også kven ein kan forvente kjem med kritiske merknader til det som er skrive. Og ein veit kva som skjer når kritikken kjem: Når einkvan dristar seg til å kome med motforestillingar til denne «klårtenkinga», er det alltids ein eller annan klar til å setje vedkomande på plass. Ofte skjer dette ved at den som seier imot, vert karakterisert på ulikt vis, gjerne med nemningar som den som kjem med dei, openbert sjølv synest er negative.

Dei om det. Eg tenkjer at eg neppe er den einaste som ser at dette skjer, og som tolkar det til at vedkomande ikkje har så gode argument på handa, og eigentleg veit det sjølv.

Med fare for å gjere ein og annan urett: Eg opplever ein god del av det eg les på sosiale media som ein form for verbal onanering – aktiviteten er sikkert til glede for den som gjer det, men det kjem lite nyttig ut av det for andre.

Likevel les eg mykje av det som vert skrive, av ein grunn eg alt har oppgitt: Eg likar at mine eigne tankar og idéar vert utfordra, og rett skal vere rett: Det har hendt at eg har fått noko ut av ein utsegn som einkvan har skrive og publisert. For at det skal skje, må eg naudsynleg ha lese utsegna.

Så eg kjem nok til å halde fram med å lese slike innlegg. Om ikkje anna kan eg få litt mosjon ut av det, i den grad skuldertrekningar, gjesping og lett hovudrysting kan karakteriserast som det. Og av og til kjem eg kan hende til å seie meg samd eller usamd i det eg les, kven veit?

Biletet eg har vald å illustrere dette innlegget med, er måla av den italienske kunstnaren Caravaggio, og heiter Narcissus.

Dei som kjenner historia om denne figuren, forstår nok samanhengen.
Biletet er attgitt med løyve.

 

Ei ytring om ytringar