Her om dagen las eg eit innlegg om vær og klima som eg syntest var litt pussig, og eg valde å gi eit tilsvar til det. Det resulterte i ein interessant diskusjon – ikkje så mykje på grunn av emnet som var utgangspunktet, men på grunn av utviklinga i diskusjonen. Det ende med at eg spurde om eg fekk lov til å leggje ut ein skjermdump av diskusjonen på heimesida mi, og det fekk eg. Vedkomande skreiv: «Om du har det så kjedelig i disse koronatider, så lag gjerne lange studier om kveruleringens kunst.» Deretter fjerna vedkomande meg frå sin facebookportefølgje – truleg til stor lette for oss begge.

Eg kjem til å syne utdrag av tråden, og gi min kommentar til kvart utdrag. (Ein kan få opp  forstørra avbilding av utdraga ved å peike og klikke på dei.) Til slutt legg eg ei lenkje til ein skjermdump av heile tråden.

Ingen ting er lagt til, ingen ting er trekt frå. Einaste redaksjonelle endringa eg har gjort, er å sladde namnet til vedkomande eg diskuterte med. Eg har inga interesse av å henge ut folk.

Attmed ser ein utgangspunktet for diskusjonen, og mitt tilsvar til det vedkomande skreiv. Eg synest det viktig at folk er medvitne om skilnaden på omgrepa «ver» og «klima», ikkje minst av di eg ser folk ( vedkomande inkludert ) ved andre høve har nytta kuldeperiodane vi har sett i Europa og ekstremkulden i Texas i januar/februar 2021 som argument for å hevde at global oppvarming ikkje kan vere eit reelt problem.
Eg syntest også det var verdt å gjere merksam på at dei endringane vi er vitne til, godt kan medføre meir snø i enkelte område, kan hende også der vedkomande har hytta si, for alt eg veit.
Responsen frå vedkomande var – ikkje uventa – ganske lunken. Greitt nok.

Litt seinare kom ein litt meir omfattande respons, attgitt attmed. Då er plutseleg det media og politikarane som vert kritisert for sin omtale av klimaendringar og CO2. Og sluttsatsen fortel sitt: «Blir det 2 grader varmere, tror jeg jammen vi overlever det også.»

Det siste er eg dessverre ikkje heilt trygg på. Hadde det berre vore slik at det vart to gradar varmare her vi bur og ingen ting anna skjedde, vill eg ha vore samd. Men det er grunn til å frykte at endringane som vil resultere i ein temperaturauke på 2 gradar, også ville ført med seg andre – og langt meir alvorlege – endringar, og eg nemnde nokre av disse i min kommentar. Svaret var kort og konsist: «Ja, det er jo konsus i dag.

«Konsus i dag» – kva er så det? Eg skildra dei to alternative forklåringane eg hadde, og spurde kva som eigentleg var meint.

Svaret eg fekk, var uventa. Det vart hevda at dette var noko eg argumenterte med, og eg argumenterte med at dei som motseier «konsus» er meir eller mindre dumme, uvitande etc.

Eg vart provosert av det siste, av di det ikkje er sant. Eg ser ikkje slik på folk, og eg har aldri omtalt folk eg diskuterer med som dumme, uvitande eller noko anna i den retninga. Dermed veit eg at vedkomande ikkje har belegg for hevde noko slikt.

Men eg kan aldri vere trygg på at eg ikkje kan ha uttalt meg på ein måte som kan få folk til å tru det. Det var også ein grunn til at eg ba vedkomande om å kome med eit døme på at eg hadde karakterisert nokon eg diskuterte med som meir eller mindre dumme, uvitande etc. (Noko slikt døme kom naturlegvis ikkje.)

Og så gjorde eg noko som eg i ettertid ser ikkje var bra: eg uttrykte meg på ein måte som vedkomande kunne oppfatta som kritikk mot eiga rettskriving. Det var faktisk ikkje meininga.

Eg påpeika også at eg aldri har villa karakterisere nokon på negativt vis, men at eg har forståing for at det kan vere ubehageleg å verte konfrontert med eigne faktafeil.

Dagen etter, då eg lag gjennom tråden så langt som han då var komen, tenkte eg meir gjennom den andre påstanden vedkomande hadde om meg. Den er også feil, og eg fann grunn til å knyte ein kommentar også til denne. Poenget mitt var at eg aldri har nytta konsensus om ei sak som argument i seg for eiga tenking. I den grad eg har nytta det, har det vore for å påpeike at det er mange som er komne til same konklusjonen som eg, basert på ulike grunnlag. Og etter å ha delteke i mange diskusjonar der vedkomande også har vore med, meiner eg at vedkomande må ha vore fullt klår over at denne påstanden ikkje var sann.

Tilsvaret var interessant. Fokus vart flytta frå vedkomande sine påstandar til min måte å formulere meg på. Eg brukar for mange ord, og difor er eg slitsam å diskutere med. Det vert påstått at eg har ein gjentatt vane med å gå attende i ein diskusjon for å diskutere spesifikke ord eller uttrykksmåtar.

Vedkomande hadde også ei klår oppfatning om kva som er god praksis i ein diskusjon. Eg veit ikkje, men eg trur vedkomande hadde ei formeining om at eg kunne trenge ei påminning om dette.

Kan hende eg bør bli flinkare til å fatte meg med få ord? Eg valde å ta vedkomande på ordet, og prøvde med så få ord eg kunne å føre diskusjonen attende på emnet eg hadde teke opp: At eg ikkje ville finne meg i verte tillagt synspunkt eg ikkje hadde og utsegner eg ikkje hadde kome med.

Det hjalp tydelegvis ikkje å fatte seg i få ord heller. I staden fann vedkomande det rett å legge til at eg i tillegg til altså å påstå at folk var dumme og uvitande etc., og at eg argumenterte ut frå kva som måtte vere konsensus, var frekk og ubehageleg å diskutere med.

Eg kan ærleg talt ikkje gjere stort med kva vedkomande måtte meine og føle om meg som person, og ikkje bryr det meg stort heller. Men eg konstaterer at vedkomande ikkje kvir seg for å publisere påstandar som ikkje let seg verifisere, og ikkje tek seg bryet med å revurdere påstandar når dei vert imøtegått.

Eg spurde vedkomande om det var greitt at eg tok ein skjermdump av diskusjonen og publiserte dette på mi eiga heimeside. Svaret er attgitt i biletet attmed.

Eg valde å ta vedkomande på ordet. Og som det vil gå fram av illustrasjonane, var det ikkje mangel på studiemateriell her. Så då står det vel berre att å takke vedkomande for hjelpa!

Eit lite etterord

At folk er uryddige i sin argumentasjon er velkjend, og lite å bry seg om. Så kvifor skrive om dette i det heile?

For meg handlar det fyrst og fremst om integritet. Når eg diskuterer noko i sosiale medium, gjer eg så godt eg kan for å sikre at det eg hevdar er fakta, let seg etterprøve. Eg har ei oppfatning av at det som er interessant i ein diskusjon, er ikkje alltid kva folk meiner, men kvifor. Kva fakta er lagt til grunn, og kva for vurderingar?

Og folk skal oppleve seg respekterte og tekne på alvor, sjølv om dei måtte meine noko heilt anna enn eg.

Då vert det viktig at urette påstandar om meg som person vert attendevist. For eg kan ikkje vite kven som les desse påstandane og tek dei for god fisk. Og kven vil diskutere med ein fekk og ubehageleg person som argumenterer med at folk som meiner noko anna enn ein sjølv, er dum og uopplyst?

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av biletet «Kranglande bønder», av Adriaen van Ostade (1653).

Skjermdump av heile diskusjonen er å finne her.

«En studie i kveruleringens kunst»