Dette biletet var det fyrste eg laga. Det vart til under Solrun Nes si rettleiing, men eg vil skunde meg å leggje til at dei feila som er i dette biletet, ikkje skuldast dårleg instruksjon frå hennar side. Saka er den at eg ikkje vart ferdig i løpet av dei dagane kurset vara, så eg skulle gjere det ferdig heime. Og ferdig vart det, på sitt aparte vis.

Delar av biletet er eg ikkje misnøgd med. Draperia i kleda, til dømes. Og bokstavane. (For den som lurar kva som står der, er det lange ordet «Pantokrator», som tyder «Allheims herskar».

Men fjeset, då. Huff og huff. Ansiktsfargen får meg til å tenkje på ein viss avgått president i USA. Og det som skulle vere høglys, ser mest ut som ein ung tenåring sitt fyrste, og høgst mislykka forsøk på å legge ansiktssminke. Her har eg slite med å få til gode høglys.

Og slite med høglysa, gjer eg framleis. Men så lenge det er liv, er det lys.

(Vil du sjå ein større versjon av biletet, kan du peike og klikke på det. Men det gjer du på eige ansvar!)

Du kjem attende til sida «Ikon og tradisjon» ved å peike og klikke her.
Opus 1 – Kristus Pantokrator