Ordet «mandylion» tyder «duk» eller «klut», og i fylgje tradisjonen er dette eit bilete som oppstod på ein handduk som Jesus tørka ansiktet sitt i. Den som vil vite meir om omgrepet, kan finne rikeleg med informasjon på nettet.

Eg valde dette motivet av di ansiktet er ein så stor del av det. Litt større flatar ville gjere det lettare å få til ei brukande modellering av ansiktet, tenkte eg. Sannsynlegvis tenkte eg rett. Men resultatet var eg likevel ikkje nøgd med. Eg synest ansiktet er lite plastisk. Litt av grunnen til det er kan hende at eg ikkje er «tøff nok i trynet» til å våge meg på djerve høglysliner.

Andre delar av biletet er eg meir nøgd med. Eg synest attgjevinga av handduken var bra, og eg synest også at biletet kler den litt avgrensa fargeskalaen som eg har har lagt opp til. Jaudå, her er ein viss framgang å spore. Eg seier som Ivar Aasen: «Mi skal koma, um inkje saa braatt!»

Du kjem attende til sida «Ikon og tradisjon» ved å peike og klikke her.
Opus 2 – Eit mandylion