Eg laga nokre bilete mellom mandylionet frå forrige artikkel og dette biletet. Det er ein grunn til at eg ikkje vil syne dei her…

Men no er det på tide å leggje ut eit nytt arbeid, og som det går fram av tittelen er det ei ny utgåve av Kristus Pantokrator-motivet er har vald å arbeide med.

Samanliknar ein dette biletet med mitt Opus 1, så ser ein både skilnader og likskapar. Farge og form på klesdrakta er mykje lik, men fargane i dette biletet er jamnt over noko meir intense og metta enn i det forrige pantokratorbiletet. 

Og framleis slit eg med å få til ansiktet slik eg vil ha det. Eg er heller ikkje nøgd med dei lyse linene som markerer høglys i draperia på klesdrakta.

Borden rundt er i utgangspunktet eit stilbrot. Denne slags bordar er meir knytt til keltisk tradisjon enn bysantinsk. Men for meg er dette eit lite «statement», som det heiter i våre dagar: Pantokrator tyder som før sagt «Allheims herskar», og keltarane er vel ein del av dette, dei med.

Du kjem attende til sida «Ikon og tradisjon» ved å peike og klikke her.
Nok ein Kristus Pantokrator