Dette biletet forestiller dei tre sendeboda som kom til Abraham og Sara og forkynte at dei skulle verte foreldre, sin høge alder til tross. I austkyrkjeleg tradisjon vert dette motivet omtala som «Den gamaltestamentlege treeininga». Det kan forklåre den litt kryptiske teksten på biletet.

Så kan ein undre på kven som er Faderen, Sonen og Den heilage anden. Samanliknar ein klesdraktene på dette biletet med klesdraktene på pantokratorbileta, kan ein få ei aning om kven ein av dei er…

For meg vart dette biletet fyrst og fremst ei øving i å lage sjatteringar i draktene, og for fyrste gong prøvde eg ein måleteknikk på hudpartia, der eg starta med å måle alt i skuggetonar, og deretter gradvis bygde opp lysare og lysare delar. For meg vart dette ein mogleg veg ut av problema eg har hatt med å lage gode høglys. Den vegen vil eg fylgje, og så får eg sjå kvar den tek meg.

Du kjem attende til sida «Ikon og tradisjon» ved å peike og klikke her.
Eit teologisk Kinderegg