Dette biletet forestiller biskop Nikolaus av Myra. Namnet hans er opphav til to gutenamn : Nils og Klaus. Og desse to namna har i sin tur gitt oss to namn på ein kjend og kjær figur : Santa Claus, eller nissen, som vi likar å kalle han. I tida 6. desember – 13. januar er det råd å lese litt meir om han her.

I dette biletet har eg prøvd å utforske to ting: Ei stilistisk attgjeving av draperi og faldar i klesdrakta, og oppbygging av eit ansikt frå skugge mot lys.  Forbiletet er eit ikon av Andreas Ritzos, som levde på Kreta på 1400-talet. Grunnen til at eg valde akkurat dette motivet, er måten målaren har løyst dette reint teknisk.

Men den som måtte samanlikne forbilete og mi attgjeving av det, vil fort sjå at likskapen mellom bileta ikkje er særleg stor. Noko av det skuldast min manglande tekniske kunnskap. Men ein del skuldast rett og slett at eg let meg rive med av det eg held på med. Kva skal ein stakkar gjere når skapargleda tek styringa?

Resultatet er eit bilete med ein del pussige ansiktstrekk, og med ein frisyre som berre manglar ein «man-bun» på toppen for at figuren mest ser ut som ein japansk samurai. Hadde den gode mester Andreas levd i dag og sett dette, ville han nok rotert i grava! Men han hadde kan hende smilt litt også, for sjølv levde han på ei tid og ein stad der det å la tradisjonar hente impulsar frå kvarandre var ein del av den kunstnariske prosessen. 

Og eg trur eg er på rett veg når det gjeld å modellere ansikt og hender! Eg må berre finne ein litt betre farge på skuggepartia fyrst…

Du kjem attende til sida «Ikon og tradisjon» ved å peike og klikke her.
Biskop Nikolaus av Myra