Å leve i ei koronatid har vore som å køyre gjennom ein lang og mørk tunell. Der er ikkje andre vegar du kan ta, du må berre halde ut og freiste kome deg gjennom og ut på andre sida. For mange – altfor mange – enda ferda der inne i mørkret. Men dei fleste av oss kan etter kvart skimte lyset der ute i enden av tunellen. Vi forstår at vi er på veg ut, på veg mot lysare tider.

Når vi endeleg kjem ut i lyset, er det kan hende ikkje sollys som møter oss, men månelys. Bleikt, men likevel kraftig nok til at vi kan sjå det som er stort og viktig:

Vi kan sjå at pandemien ikkje kjenner nasjonalitetar og landegrenser. På stader der han framleis har fotfeste kan han sende virusvariantar mot oss som vi ikkje veit å verne oss mot. Og vi kan forstå at før pandemien er nedkjempa over heile kloden, er han ikkje nedkjempa nokon stad.
Vi kan sjå at vi i det trygge samfunnet vårt kan hende ikkje er så vel verna som vi gjerne vil tru. Vi kan forstå at beredskap er noko vi må ta på alvor, at det er ein naudsynt kostnad.
Vi kan kjenne på saknet av dei viktige arenaane for mellommenneskeleg kontakt og gode opplevingar, og forstå at det å få vere saman med andre om dele noko fint, er ein viktig livsverdi.
Vi kan sjå at ein ikkje alltid treng tonnevis med metall for å flytte folk mellom heim og arbeidsplass, og forstå at mange av oss ofte kan gjere ein god arbeidsinnsats heimefrå.
Vi kan sjå at det hadde noko for seg å tenkje førebyggjande, og forstå at dei gode smitteverntiltaka også har hemma spreiing av andre smittsame sjukdomar.

Men så er det dette med månelyset: Somme tider er det sterkt, andre tider svakare. Tidvis er det heilt borte. Eg fryktar at når tida går, månen går i ne og månelyset minkar, vil minnet om det vi har vore gjennom, verte svekka. Så kjem nymånen, og han lyser sterkare og sterkare for kvar dag som går. Kva vi vi sjå då, og kva vil vi forstå?

Midt i pandemien har einskilde markert ein mangel på vilje til å sjå og forstå. Det er rart med det, den som er berre ser med eitt auge, treng ikkje meir enn eine fingeren for å skugge for månelyset. Kunsten er å ha fingeren og fokuset tett nok på seg sjølv.

Då vert det lett å argumentere for at Noreg bør snike i køen for å få flest mogleg vaksinedosar.
Då vert det lett å la humla suse med omsyn til beredskap. Beredskap kostar, og vi veit ikkje om vi får noko att for pengane våre.
Då vert det lett å redusere dei gode fellesopplevingane til noko som det ikkje er så viktig å bruke tid og ressursar på.
Då vert det lett å argumentere for at vi må byggje ut vegar for å frakte meir gods, og få ein arbeidsmarknad prega av mobilitet.
Då vert det lett å argumentere for at smitteverntiltak ikkje må skje på bekostning av den personlege fridomen. Fridomen til å setje eigne ynskje framfor andres behov. Fridomen til å oppføre seg som ein egosentrisk idiot.

Eg veit ikkje kva som kjem til å skje. I lyse stunder vonar eg at no har vi lært, no har vi forstått. Andre gongar fryktar eg at så snart kvardagen kjem attende, turar vi på nett som før. Eg kjenner på ein tvil som Olav H. Hauge har sett ord på i diktet sitt «Måne» :

I dag såg eg
tvo månar,
ein ny
og ein gamal.
Eg har stor tru på nymånen.
Men det er vel den gamle.

God kunst er tidlaus! Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit japansk tresnitt frå 1800-talet. Meir info om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Månelys