BKK investerer i Nepal – og tener grovt på det. Er det i orden ?

NRK Hordaland la 19. mai 2015 ut ein artikkel om BKK, som har tent grovt på å byggje ut elektrisk kraft i Nepal. I løpet av berre 15 år skal selskapet ha teke ut dobbelt så stort utbyte som det dei har investert. Styreleiar i BKK, Oddvar Nilsen, forsvarar dette: «Vi oppfattar dette som ei form for hjelp, og legg ikkje skjul på at vi også skal tene pengar på det,» seier Nilsen. «Det er rett at vi har tent gode pengar på dette, men samstundes var ikkje Nepal i stand til å byggje dette kraftverket sjølv, og heller ikkje til å drifte det,» seier han vidare.

Nettopp. Nepalesarane var ikkje i stand til å byggje dette sjølve. Rike nordmenn nytta sin kompetanse til å mjølke folk i eit fattig land for pengar dei truleg burde ha nytta til betre føremål enn å fylle opp norske bankkonti.

Eg meiner ikkje at BKK skulle bygd opp kraftverket gratis. Det er rimeleg at inntektene gjev rimeleg avkasting på investeringane. Men er 200% utbyte i løpet av 15 år rimeleg ? Og er det meininga at innteninga skal vere like høg i dei resterande tretti åra kraftverkest skal eigast og drivast av BKK?

Slik eg ser det, har BKK utnytta høvet til å ta seg grovt overbetalt, av di den dei handla med, ikkje var i posisjon til å gjere noko med prisnivået BKK la opp til. Eg skal ikkje seie stort om kva eg synest om dette, ut over at historia gjer meg kvalm.

Biletet over denne artikkelen er laga av den franske kunstnaren Gustave Dore, og er ein illustrasjon av Dante si Guddommelege komedie. Den syner den fjerde etappen på vegen mot Helvete. Her held dei grådige til. Biletet er ikkje vald på måfå. Kan hende er dette kjende trakter for ein og annan?

 

Grådigheit sett i system