Juble og gled dykk, og lovpris denne dagen !
Lovpris det Den høgste har gjort i dag.
Legg sorg og klage bak dykk, lat dykk fyllast med glede.
Stem i eit kor til Den høgste si ære,
lat oss tilbe Herskaren sitt namn!

Frelsaren er født! Fyrste kantaten i Juleoratoriet startar med ein festfanfare. Det er ikkje tilfeldig. Det fyrste Bach ynskjer å formidle i denne delen av juleoratoriet, er glede. Og nettopp glede og fryd er temaet for korsongen som kjem like etter festfanfaren.

Nedunder kan ein høyre denne festlege starten framført av Den norske kammerorkester og Det norske solistkor.

Men så er det som om Bach tek eit steg attende, og fortel litt om det som skjedde før fødselen. Han refererer til juleevangeliet, og fortel om hendingane som førte til at Josef og Maria reiste til Betlehem. Men når Bach skildrar han som vart født er det ikkje det vesle spebarnet som vert omtala, men ein helt, ein brudgom. Og koret, som i denne samanhengen representerer kyrkjelyden, svarar med å synge : «Korleis skal eg ta imot deg, du som heile verda ventar på?» 


Vidare skildrar Bach korleis Maria sveipte Jesus og la han i ei krubbe, og koret avsluttar denne første delen av Juleoratoriet ved å synge:
«Å, vesle Jesus, som hjartet mitt elskar,
lag deg eit leie der du kan liggje
innest i hjartet mitt,
slik at eg ikkje gløymer deg.»

Attende til artikkelen om Juleoratoriet 
Attende til Romjulstankar
Juleoratoriet, kantate nr.1