Før eg skriv noko om denne siste kantaten, vil eg skrive litt om biletet oppe på sida. Det er eit utsnitt av eit måleri av Pieter Breughel den eldre. Det heiter «Tilbeding av barnet i vinterlandskap», og er truleg måla 1560-åra. (Ulike kjelder opererer med ulike årstal.) Her har kunstnaren plassert dei tre vise menn sitt besøk beskjedent nede til venstre i eit bilete som skildrar ein flamsk landsby vinterstid. Folk held på med sitt, og få legg merke til desse tre framande. For meg er det nok eit døme på at det er mogleg å plassere juleforteljinga inn i mange ulike kontekstar – og desse treng ikkje vere «historisk korrekte» for å fungere.

Så attende til Bach. Denne sjette kantaten er knytt til Heilagtrekongars dag, 6. januar. Her tek Bach opp tråden frå kantate nr.5, og let dei tre vise menn vere i fokus.

Men i forrige kantate vart dei på mange måtar symbol på menneska som av fri vilje kjem til Jesusbarnet og tilbed det. I denne kantaten er det meir kongemakta som står i sentrum. Det vert tydeleg markert alt i innleiing, der koret syng:

Herre, når dine fiendar snublar,
så gjev at vi i trygg forvissning 
kan sjå di makt og ditt mynde.
Vår tillit er til deg åleine
at vi unnslepp dei som vil oss vondt.

Herodes prøvar å skaffe seg informasjon om dette barnet, men føremålet hans med dette vert avslørt. Ein sopran fortel dette i eit resitativ, og held fram med ein arie:

Berre eit vink frå hans hender, og all menneskeleg makt vert gjort til ingen ting.
Seier Herren berre eitt ord, skal menneska vende om sine tankar.

Men midt inne i denne kantaten er det som om Bach gjer eit mentalt sprang og forlet det «kongelege» og kraftfulle. I staden vender han attende til det vesle barnet i krubba. Koret syng eit vers av ein salme, der det vert gitt uttrykk for takksemd for det ein har fått. Og det som ein vil gi att, kjem klårt fram i teksten:

Eg står her ved krubba di, du vesle Jesus, som er livet mitt.
Eg vil gi deg alt dete du har gitt meg:
Ta imot, det er min tanke og mi tru,
mitt hjarte, mi sjel og min ande, ta imot alt dette.

Og måtte det gi deg stor glede.

 

Men så vert vi ført attende til tankane om den mektige kongen. Kantaten avsluttar med at dei fire solistane syng denne teksten:

Kva kan helvetes redsler gjere oss,
korleis kan verda og synda gjere oss vondt
så lenge vi finn tilflukt i Jesu hender?

Og koret med ullt orkester konkluderer kantaten – og heile juleoratoriet – med denne kraftsatsen:

Det er teke hevn over fiendeskaren,
for Kristus har knust det som ville øydeleggje deg.
Død og djevel, synd og helvete er lagt i grus,
og menneska er reist opp for å stå for Guds åsyn.

Attende til artikkelen om Juleoratoriet 
Attende til Romjulstankar
Juleoratoriet, kantate nr.6