«Vi må kunne spøke med alt – noko anna vil vere å setje grenser for ytringsfridomen.» Er det verkeleg slik ?

Det har i dei siste åra vert sett fokus på bruken av ord som kan assosierast til rasisme, og bra er det. Det ligg føre ein dom frå høgsterett om at bruken av ordet «neger» som nedsetjande omgrep fell inn under det som vert ramma av Straffeloven sin §135a. I ein artikkel i Aftenbladet gjev leiar i Antirasistisk senter, Rune Berglund Steen, ei lett forståeleg forklåring på kvifor ein bør unngå å nytte ordet «neger». Sjølv har eg aldri oppfatta ordet negativt, av di eg aldri har assosiert noko negativt med dei menneska eg ville ha nytta ordet om. Men eg tek til etterretning at andre kan gjere det, og eg synest difor det er god språkrøkt å unngå å ta det i bruk.

Men einskilde gongar kan ein lure på kva mekanismar som vert sett i gang når ein eller fleire gjev uttrykk for at dei opplever ei krenking. Nedunder kjem eit døme på noko som tydelegvis provoserte mange :

Opptrinnet vart fylgd opp. Publikum i salen bua. Kjendisar heiv seg på med avskymeldingar på sosiale media. Ingen skulle vere i tvil om engasjementet. Ingen tok notis av at opphavsmannen sjølv, Lars Erik Blokkhus, umiddelbart la seg langflat og beklaga det han hadde sagt.

Kaizers-bassisten Terje Røthing ga uttrykk for sine kjensler ved å tømme øl over Lars Erik Blokkhus for ope kamera. Krenkande framferd, kan ein nok kalle det.

Tshawe Baqwa i Madcom kalla Lars Erik Blokkhus eit jævla fittehøl. Eit ord som i denne samanhengen vart nytta nedsetjande – krenkande, om ein vil. Og ikkje berre mot Lars Erik Blokkhus. Det har forundra meg at kvinner finn seg i at eit vanleg namn på deira kjønnsorgan skal nyttast som eit nedsetjande ord.

Ein pussig uttale kom for øvrig frå Lars Erik Blokkhus sjølv, då han forklårte eige uheldige ordval slik : «Vi er bare et band fra bygda som ikke er vant til å være her på sånne store tilstelninger.» Det var få som reagerte på dette – den som vil, kan filosofere litt over kvifor…

I ettertid har dei fleste av dei som bidrag i opptrinnet og opptrinna som fylgde, beklaga eiga framferd, og hendinga er no blitt ein episode som for lengst er avslutta. Det er bra. Så kvifor rippe opp igjen i dette no? Fordi heile historia er eit tydeleg teikn på at nokre emne skal ein nærme seg med stor varsemd, medan det ikkje er så nøye med andre.

Min påstand er difor :

Uttrykk som kan tolkast rasistisk, er det lav toleranse for. Det er bra.
Krenking og trakassering av folk ein ikkje har sympati med, er det høgare toleranse for. Det er ikkje bra.
Dei som seier at det av omsyn til vernet om ytringsfridomen må vere lov å krenke kva som helst, gjer det neppe sjølve, av di dei veit at det ikkje er toleranse for det.

Biletet oppe på sida er ein plakat frå ca 1900, som eg så absolutt meiner kan oppfattast som krenkande. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Krenking som mote