Mange – meg sjølv inkludert – nyttar ordet «kultur» som om det var heilt eintydig. Det er det ikkje.
Difor har eg tenkt å lage nokre tekstar der eg vil prøve å setje ord på kva eg legg i omgrepet. Det er fleire grunnar til dette:
Eg ser ordet nytta på svært ulike vis i media – det vere seg i avisdebattar eller i kommentarfelt på nettbloggar. Ikkje sjeldan ser eg at dei som nyttar ordet i ein og same diskusjon, umogleg kan ha ei felles oppfatning av kva det betyr.
Eg ser ordet vert nytta som eit honnørord – ofte samanstilt med ordet «norsk» – utan at det er heilt klårt kva som gjer at ordet vert nytta slik.
Eg er lat. Eg ynskjer ikkje å bruke tid og spalteplass på å forklåre det eg meiner om att og om att, dersom eg kan unngå det. Då er det enklare å gjere ein litt grundig jobb med å avklare kva eg legg i kulturomgrepet, og så heller syne til eiga avklaring når behovet for å tydeleggjere omgrepet måtte melde seg.
Landbruk er kultur. Toppbiletet er eit utsnitt av eit bilete frå ein lavendelåker. Biletet er teke av Francois Philipp, Frankrike.