For ikkje lenge sidan las en nok ein gong om at «dei norske verdiane» var under press. (Og nok ein gong var det islam og muslimar som var det store trugsmålet, med priderørsla som ein alvorleg «medskuldig».)

Av ein eller annan grunn var det ikkje skrive stort om kva desse truga norske verdiane var for noko, (og heller ikkje særleg mykje om kva trugsmålet mot dei konkret bestod i). Men det fekk meg til å stoppe opp og tenkje: Kva er eigentleg desse norske verdiane, og kva gjer at dei kan kallast norske?

For å ta det siste fyrst: Eg ser tre moglege kriterier for at ein verdi skal kunna kallast norsk. Det eine er at det er ein verdi ein finn i Noreg, i motsetnad til andre land. Det andre er at det er ein verdi som har sitt opphav i norsk levemåte og tenking. Det tredje er at det er verdiar som vert delte av nordmenn flest, meir eller mindre.

Når det gjeld det fyrste kriteriet, har eg til gode å finne ein verdi som vi har i Noreg, og som vi ikkje finn i andre land. Det næraste eg har kome, er tankegodset bak allemannsretten. Men den deler vi mellom anna med Sverige og Island, så vidt eg veit.

Eg har heller ikkje funne stort med omsyn til det andre kriteriet. Det meste av verdirelatert tankegods finn vi røtene til i heilt andre kulturar enn vår eigen. Lat dei kristne verdiane stå som gode døme på dette. Men rett skal vere rett: dette tankegodset har slått rot mellom oss, og etter kvart blitt ein del av vår felles verdiarv.

Dermed står vi att med kategori nummer tre, at norske verdiar er dei verdiane som vert delte av nordmenn flest. Slik eg ser det, er det dette som kvalifiserer til å verte kalla «norske verdiar».

Ser vi attende i historia, vil vi raskt kunne konstatere at kva verdiar som har vore delt av nordmenn flest, har vore i kontinuerleg endring. Synet på likestilling mellom kjønna, til dømes, og synet på seksualitet og seksuelt mangfald. Synet på abort, synet på vårt forvaltaransvar i høve naturen vi lever i og av.

Ikkje sjeldan har slike endringar kome som fylgje av ein verdikamp i samfunnet, ein kamp som ikkje sjeldan har vore både høglydt og hard. Og slike kampar har vi den dag i dag – lat diskusjonane knytt til seksuelt mangfald og omgrepet «pride» stå som eit aktuelt døme på dette.

Eg skal ikkje påta meg å vere orakel eller spåmann. Men eg trur at det vi i dag opplever som «norske verdiar» vil vere noko anna enn det vi om nokre år fram i tid vil seie er verdiane våre. Og eg trur det er ei naturleg og rett utvikling.

Men i dette ligg også at eg ynskjer at ein god del av dei verdiane vi i dag verdset, vert med vidare. Og min innsats for at det skal skje, er å snakke dei fram, argumentere for dei, praktisere dei som gode forbilete.

Litt om biletet oppe på sida: Dei raude hovudplagga som desse tre karane går med, minner mykje om våre heimlege nisseluer. Under krigen vart slike nisseluer forbodne. Dei signaliserte samhald og motstand, to viktige norske verdiar på denne tida. Dette kan ein lese om her.
Men biletet er eit utsnitt av ein mosaikk ein finn i kyrkja «Basilica de St.Apollinare Nuovo», eit lite stykke utanfor Ravenna i Italia. Mosaikken, som vart laga rundt midten av sjette hundreåret, syner dei heilage tre kongane. Hovudplagga vert kalla frygiske luer, og desse har vore nytta som symbol for fridom og uavhengigheit – sjå artikkel her.

 

Norske verdiar – kva er det?