Dei siste dagane og vekene har eg hatt gleda av å fordjupe meg i ei svært interessant bok, nemleg «2070», av Bjørn H. Samset. Tittelen på boka, 2070, peikar på årstalet det grøne skiftet bør vere gjennomført, skal vi ha håp om å ha ein nokonlunde kontroll på klimautviklinga frametter. Innhaldet i boka handlar om kva vi må gjere for å gjennomføre det grøne skiftet, og kvifor. 

Boka startar med ei skildring av situasjonen vi jordbuarar står midt oppe i no, med ein vel dokumentert auke av gjennomsnittstemperaturen på kloden. Så nemner han ulike faktorar som har bidrege til denne temperaturauken, og vektar desse opp mot kvarandre. Og konklusjonen hans er klår: opphavet til situasjonen kan ikkje forklårast på annan måte enn at menneskeleg aktivitet av ulikt slag er årsak til  denne utviklinga.

I boka skildrar Bjørn Samset ein del fenomen som i alle fall har gått under min radar, som til dømes skyene sin påverknad på klimaet og klimaet sin påverknad på skyene. Ein utdjupande artikkel om akkurat dette er å lese her.

Eit anna fenomen som eg i og for seg var merksam på, men som her er gjort greie for på ein god måte, er dei arktiske ismassane sin påverknad på dei store saltvasstraumane som omfattar alle dei marine område på jorda. Det er desse straumane som syter for ei fordeling av energi i form av varme, og bidreg til at næringsrikt vatn vert spreidd til ulike økosystem.

Forfattaren er også forbiletleg klår når han skildrar moglege konsekvensar av dei endringane vi alt har sett, og ser ei vidareutvikling av. Samstundes er han også tydeleg på at det han skildrar, er moglege konsekvensar. Det er ikkje ei fastsett sanning han her gjev uttrykk for.

Det er to grunnar til at han er tydeleg på det siste. Det eine er at ein aldri kan vere heilt sikker på ein prognose, av di det kan vere faktorar ein ikkje har vurdert tilstrekkeleg nøye. Det er også slik at dersom det er menneskeleg aktivitet som har påført jorda desse endringane, så er det mogleg å endre kurs gjennom menneskeleg aktivitet.

Men her er det ikkje snakk om nokon «Quick fix».  Forfattaren er tydeleg på at dette er kompliserte prosessar. Ei utfordring vil vere at ein må vekte ulike kryssande interesser, mellom tiltak som på sine ulike vis framstår som eit gode for oss som er gjenstand for dei eller opplever konsekvcensane av dei. 

Dette kan syne seg å vere vanskeleg, for det er ikkje sikkert alle vil bifalle endringar i eigne liv og eigen levemåte  som vi på kort tid opplever som steg attende, samstundes som gevinsten vi vil kunne hauste, let vente på seg.

Eg har ofte tenkt at demokratiet kan hende ikkje er det beste systemet for å gjennomføre naudsynte, men upopulære tiltak. Samstundes veit eg ikkje om det finnest noko betre politisk system for dette. Difor tenkjer eg at eit viktig grep for å kunne få gjennomført slike tiltak på demokratisk vis, er at folk forstår at tiltaka er naudsynte, rett og slett av di alternativet til ikkje å gjennomføre tiltaka vil verte så mykje verre.

Eg trur boka til Bjørn Samset kan vere eit viktig bidrag til dette.

Biletet over tok eg på Refviksanden for nokre år sidan. Kan hende vi menneske kan stelle oss slik at vi  og etterkomarane våre framleis kan boltre oss fritt i ein sunn natur?

2070 er meir enn berre eit tal.