Pinnsvina har utvikla ein spesiell form for forsvarsstrategi: Dei rullar seg saman, og dei strittande piggane gjer det vanskeleg for rovdyr å få tak i dei. Så ligg dei der då, samanrulla, til dess rovdyret vert lei og prøver å finne anna føde.

Strategien fungerte godt i lang tid, den. Heilt til dess for godt og vel hundre år sidan. Med automobilen kom ein auke i vegtrafikken, og eit samanrulla pinnsvin hadde lite å stille opp mot eit gummidekk på eit bilhjul.

Resultatet av dette var ei desimering av arten. I nokre land er pinnsvinet i dag vurdert som ein truga art.

Eg kom til å tenkje på dette her om dagen, då eg las eit innlegg av ein facebookven som meiner at alt dette med klimakrise og globaloppvarming berre er tull og humbug. Det er noko politikarane har funne på for å tukte folk til å slutte seg til upopulære og høgst unødvendige tiltak. Han er ikkje den einaste som hevdar dette.

Å argumentere med slik folk nyttar lite – i alle fall dersom målet er å få desse på andre tankar. Dei har gjort som pinnsvina : rulla seg i hop og ligg i ro på same flekken med alle piggane ute. Lett påviselege faktafeil og logiske bristar i det dei hevdar, vert anten avvist eller ignorerte. Eller ein får høyre sutring over kor vanskeleg dei har det med å forfekte sitt syn. Ein pussig påstand, forresten, all den tid det dei ofte er kritisert for, er synspunkta sine. Ikkje at dei fremjar dei.

Men eg trur det er viktig å halde fram med å argumentere. Ikkje for å «omvende» desse personane, for det trur eg ikkje er særleg realistisk.

Det ein derimot kan vone, er at ein og annan av dei som måtte lese dei ofte velforma påstandane deira, kan sjå at det faktisk kan vere gode grunnar for å tvile på at det dei hevdar, faktisk kan stemme.

For det er ikkje til å stikke under ein stol at klimaet på jorda er i endring på ein måte som aldri før har skjedd i menneska si historie. Dette er så vel dokumentert at ein må mangle anten evnen eller viljen til å ta denne informasjonen til seg, for å hevde noko anna.

Det er heller ikkje til å stikke under ein stol at konsekvensane kan vise seg å vere svært alvorlege for oss menneske, slik vi har innretta oss på denne kloden.

Så kan det sjå ut som om at det finnest tiltak vi kan setje inn. Omgrepet «det grøne skiftet» ser ut til å vere eit frykteleg uttrykk for desse folka. For andre – og det kan heldigvis sjå ut som at vi utgjer eit fleirtal – er dette eit omgrep som gjev eit visst håp.

Visst vil eit grønt skifte ha konsekvensar vi ikkje kjem til å like. Men kven har sagt at naudsynte tiltak alltid vil vere populære tiltak?

Utfordringa er at når vi må gjennomføre noko vi ikkje har lyst til, er det lett å miste motivasjonen. For kvifor skal vi plagast med endringar, dersom dei ikkje er naudsynte?

Då kan det vere lett å lytte til desse som meiner at klimaproblematikken er noko vi slett ikkje treng bry oss om. Konsekvensane kan vere store – svært store.

Så svaret på spørsmålet i overskrifta er kan hende eit «ja». Men i så fall vil svaret ikkje omfatte berre desse. Vi vil gå med i same dragsuget, vi andre med.

Biletet oppe på sida syner eit daudt pinnsvin med piggane ute. Det er teke av Jamain, og attgitt med løyve.

Pinnsvin på sosiale media – ein utdøyande rase?