For litt sidan skreiv eg om folk som gjev uttrykk for at dei meiner at alt dette med med klimakrise og global oppvarming berre er tull og humbug. Eg samanlikna åtferda deira med åtferda til pinnsvin, som når dei kjenner seg trua, rullar seg saman og strittar med piggane der dei ligg. Det har etter kvart synt seg at endra levekår har gjort denne åtferda lite tenleg, til skade for arten…

I ettertankens klåre lys er eg no komen i stuss om eg valde rette arten å samanlikne desse folka med. Kan hende påfuglen er betre?

Kva gale er det så påfuglen har gjort som skal måtte lide den skjebnen å verte samanlikna med desse folka? Ingen ting – bortsett frå at han skrik stygt, og at han (ja, for eg snakkar om påfuglhannane) kan skilte med ein imponerande stjert. Ein stjert som etter det eg kan forstå, kun tener eitt føremål, og det er å syne for ein staseleg fugl denne stjerten sit på.

Kvifor gjere den samanlikninga? Det er eit par punkt som gjer ei samanlikning rimeleg – samt nokre som talar imot:

For å ta det fyrste: Påfuglen ser ut til å bry seg lite om det som måtte skje utanom eigen snevre krets. Det kan sjå ut som om han ikkje er åleine om det. For til tross for påviseleg auka temperatur på jorda, til tross for at årets juli ser ut til verte den varmaste månaden som hittil er registrert i historisk tid – jfr. dette oppslaget i Physics.org – til tross for at gradestokken både i Nord- og Mellomamerika, i det sentrale og sydlege Europa og i Asia når stadig nye høgder, til tross for at det er dokumentert ut over all rimeleg tvil at dette fenomenet ikkje hadde forekome utan menneskeleg aktivitet, så er mantraet til desse folka: Global oppvarming er eit dogme, menneskeleg aktivitet som årsak er ei lygn, for her eg held til er det lite å merke av den slags.

Ikkje veit eg – kan hende har ikkje «dei rette» media, dvs. dei som av desse folka ikkje vert rubrisert som PK-media, skrive nok om klimaproblematikken enno. Skjønt noko ser ut til å vere på glid – i Fox News er det no visstnok greitt å kalle ein spade for ein spade, og begynne å snakke om klimakrise.

Og med media på banen er vi inne på punkt nr. to: Kan hende er det ikkje mangel på informasjon som er problemet, men evnen og viljen til å forstå det ein vert informert om. Her er kan hende samanlikninga med påfuglen berre sånn delvis på sin plass, for eg har ingen grunn til å hevde at påfuglen manglar vilje til å ta til seg informasjon. Dermed gjer eg kan hende påfuglen urett i denne samanhengen.

Evnen, derimot, er det mindre bevendt med, ser det ut til. Når det gjeld desse  folka sin vilje til å ta imot og setje seg inn i ny informasjon, er eg rimeleg viss på at den ikkje er særleg stor, heller. Og eg har til tider tenkt litt på kvifor.

Eitt av svara eg har kome fram til, rettferdiggjer ei samanlikning med påfuglen. Det handlar om korleis fuglen framstår for omgjevnadane. Flotte fargar på kroppen, og ikkje minst den store og staselege stjerten gjer at fuglen ser langt større og meir imponerande ut enn han eigentleg er. Mønteret på halefjørene kan minne om auge. Ein kan få kjensla av at denne fuglen får med seg det meste.

Der påfuglen har stjerten, har desse folka orda. Reservasjonslause påstandar, gjerne ikledd ord som sikkert er tenkt å skulle imponere dei som les det dei skriv, men som gjerne har motsett effekt på dei meir språkmedvitne av oss.

Men samanlikninga held berre så lenge ein ser fuglen frå framsida. For alt er ikkje berre glitter og stas. Går ein bak påfuglen og studerer han derfrå, ser ein at dei kvite fjørstammane på eit vis peikar innover, mot eit visst punkt bak på fuglen. Og her skil påfuglen seg positivt ut: Det som kjem ut av fuglen, kan gjere sin nytte som gjødsel der det landar, og hjelpe til med å få noko til å spire.

Med omsyn til nytteverdi av det desse andre legg frå seg på sosiale media, kjem dei syrgjeleg til kort.

Desse bileta er attgitt med løyve.
Biletet øvst på sida er teke av fotograf Alex Berger. Meir informasjon om biletet kan ein få her.
Nedste biletet er teke av Rajarams90. Meir informasjon finn ein her.

Pinnsvin eller påfugl?