Eg har skrive to betraktningar om folk som framleis trur klimaproblematikken ikkje er noko å bry seg om, og eg har samanlikna åtferda deira med pinnsvin og framferda deira med påfuglar.

I denne tredje betraktninga tek eg utgangspunkt i elefantar. Eg kunne ha nytta elefantane som bilete på dei som meiner at klimaproblematikk berre er tull og tøys, av di eg oppfattar at desse folka kan vere temmeleg tjukkhuda. Men i denne samanhengen skriv eg om elefantar i meir overført betydning. Eg skriv om elefantane i rommet.

Og elefantane i rommet er dei som mot betre vitande (?) vel å argumentere for at det ikkje er naudsynt for oss å ta omsyn til klimautviklinga på kloden vår.

Eigentleg burde det vere rimeleg uproblematisk at einskilde personar er overtydd om at klimaproblematikk ikkje er noko å ta på alvor. Trass alt utgjer dei ikkje så veldig mange, trur eg. Og dette er ikkje meint som ein argumentasjon for at dei ikkje skal uttrykkje seg og dele meiningane sine. Men dei skal vere medvitne om at dei har eit ansvar.

For det er problematisk at påstandane dei kjem med, kan fungere som ei slags ryggdekning for andre til å ikkje slutte opp om tiltak som kan vise seg naudsynte, men som opplevest som inngripande i folk sine liv og levemåten deira, og som kan hende ikkje har umiddelbar positiv verknad for dei sjølve. Redusert forbruk av energi og varer, til dømes, eller endra reisevanar.

Eg fryktar at dette kan gjere det vanskeleg for politikarane i eit demokrati å få tilslutning til desse tiltaka. På eitt eller anna tidspunkt kan ein då risikere at folk finn ut at at demokratiet ikkje er rette systemet for å få gjennomført tiltak som må til. Kva vil dei ha då?

Dette vil i så fall vere ei utfordring både for arbeidet med klimautviklinga, og for den demokratiske utviklinga i landa vi bur i. Og desse elefantane må bere sin store del av ansvaret for at det kan bli slik.

Spørsmålet er om dei ser og er villige til å ta, ansvaret dei har, og modererer eller tek avstand frå eigne tidlegare ytringar. Det er ikkje ofte at eg har sett at så har skjedd. Av og til lurar eg på om det vert for vanskeleg for dei å innrømme at dei har teke feil, og at dei held fram rett og slett  av di dei synest det er for ubehageleg å «tape ansikt». Men eg tenkjer også at det kanskje er slik at ein del faktisk trur på det dei har hevda, av di informasjonen dei har vald å stole på, byggjer opp under påstandane deira, og informasjon som kunne fortald dei noko anna, vert avvist «i porten»..

Begge delar er djupt menneskelege, og eg skal ikkje setje meg til doms over dette. Men eg trur det er viktig at vi som ser klimautviklinga som ei utfordring, er tydelege på kva det er vi ser, og at vi formidlar dette vidare.

Eg trur ikkje dette vil stoppe alle elefantane i rommet. Men det kan kanskje bidra til at andre folk kan forstå at vegen denne elefantflokken har vald seg, ikkje er farbar for oss menneske.

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit fotografi teke av Eric Kamoga, og er attgitt med løyve.

Vi må snakke om elefantane.