Eg har venta på denne meldinga ei god stund no. I dag (den 26. juli  2023) kom ho i media, både her til lands og i media i utlandet: Danske forskarar meiner at det er ein fåre for at Golfstraumen kan kollapse, grunna klimaendringane. 

Eg er ikkje overraska. Einaste eg ikkje var førebudd på, var kor raskt dette kan kome til å skje, i fylgje desse forskarane. Eg har snart ni barneborn, og anslaget frå desse forskarane indikerer at eit samanbrot som her er skildra,  vil kunne skje i levetida deira. Dei vil måtte møte konsekvensane av dette. Dei mest pessimistiske prognosane fortel at denne kollapsen kan kome sopass tidleg at også eg vil måtte rekne med å oppleve dette.

Men kva handlar det om? Enkelt sagt fungerer isen i Arktis som ein slags motor som held i gang eit gigantisk havstraumsystem, som Golfstraumen er ein mindre del av.

Det som skjer, er at varmt havvatn nær overflata strøymer nordover og vert avkjølt. Det tunge havvatnet søkk mot botnen og tek til på ei ferd sørover att, går inn i Det indiske havet og Stillehavet, før det gradvis vert oppvarma, stig opp mot overflata, og tek fatt på den lange vegen attende. Illustrasjonen attmed er ei enkel grafisk attgjeving av dette.

På vegen syter denne store, grunnleggjande havstraumen for ei utveklsling av oksygen og næringssalter i dei ulike havområda.

Fenomenet vert kalla «termohalin sirkulasjon«.  Meir omfattande artiklar om dette kan du lese i Encyclopedia Brittanica og på heimesida til ScienceDirect.

No ser ein teikn på at denne prosessen er i ferd med å verte svekka, grunna klimaendringar. Grunnen er at auka mengder med smelta grønlandsis og polaris gjer overflatevatnet i dei nordlege havområda mindre salt og dermed lettare. Dette hemmar prosessen med at tungt havvatn søkk til botnars og held liv i denne enorme havstraumen. Motoren vert svakare, kan ein seie.

Konsekvensane av dette kan verte dramatiske for oss som bur i Nord-Amerika og Europa. Forsvinn varmeenergien frå Golfstraumen, må ein pårekne eit gjennomsnittleg temperaturfall på mellom fem og ti grader i vår region. ( Og lat meg her berre skyte inn at slike regionale endringar ikkje vil endre på den globale klimautviklinga. )

Ei anna problemstilling som ein enno ikkje har full oversikt over, er konsekvensane dersom svekka havstraumar fører med seg dårlegare utveksling av oksygen og næringssalter. Men det er grunn til å tru at dei også kan syne seg å vere dramatiske.

Mekansimane bak termohalin sirkulasjon er vel kjende og grundig skildra. Det er målt endringar i gjennomstrøyminga av vatn i denne prosessen. Men det er også viktig å leggje til at der er usemje blant klimaforskarane i kva grad det er fåre for at endringane desse danske forskarane skildrar, faktisk vil kome til å skje på ein slik måte som dei har skissert. At dette er eit mogleg scenario, er ikkje det same som at vil skje akkurat slik.

Det er kan hende no det er rett å minne om at den delen som vi ser av eit isfjell, berre utgjer om lag 10% av heile isfjellet. I denne samanhengen nyttar eg dette som eit bilete: Når vi snakkar om ei global oppvarming på «berre» eit par grader, høyrest det ikkje så mykje ut.  Men då er det viktig å hugse at bak desse beskjedne tala ligg ei lang rekkje ulike endringar i livsmiljøet vårt. Og fleire slike endringar kan vi vente oss – moglege endringar i den termohaline sirkulasjonen er berre ei av dei.

Så er spørsmålet: Er det noko vi kan gjere med dette?

Eg har tru på at det er det. Eg vil ikkje tru noko anna enn at det er mogleg å syte for at barneborna mine og jamnaldringane deira også får høve til å leve på ei jord som byd dei gode livsvilkår. For når det er vår eiga framferd som har styrt oss inn i dette uføret, er det vår eiga framferd som må manøvrere oss ut av det også, i den grad dette let seg gjere. Noko anna torer eg ikkje håpe på.

Vi må etter kvart kunne seie oss ferdige med diskusjonen om korvidt klimaendringane er menneskeskapte eller ikkje, og innstille oss på at vi står framfor endringar som vil påverke oss og levemåten vår. Alternativet vi står framfor, er endringar som vil påverke oss og levemåten vår på meir dramatisk vis. 

Biletet som ein ser utsnitt av oppe på sida, er ein fotomontasje Arlo Barnes / Uwe Kils.
Den illustrerer kor stor del av eit isfjell som er synleg over vassflata, samanlikna med den delen som er under vassflata. Biletet er attgitt med løyve.

 

Toppen av isfjellet