Verda står ovanfor store utfordringar på klimafronten, fordi det skjer ei oppvarming av atmosfæren og av hava som vi ikkje har sett maken til tidlegare. Dette er sopass vel dokumentert at det er liten grunn til å hevde noko anna med særleg truverde.

Vi kjenner ikkje alle konsekvensane av dette, men det er mykje som tyder på at denne utviklinga kan verte direkte fårleg for menneska og sivilisasjonen vår.

Vi må setje i verk tiltak på to frontar:

Den eine fronten haldar om tiltak for å bremse utviklinga vi alt ser starten på.

Den andre fronten handlar om tiltak med sikte på å tilpasse oss den utviklinga vi ikkje får gjort noko med.

Felles for desse tiltaka er at dei vil opplevast som inngripande i liva våre og livsførselen vår. Og vi vil ikkje alltid kunne sjå umiddelbare resultat av tiltaka.

Vi må difor rekne med at gjennomføringa av tiltaka vil vere vanskeleg, av di mange ikkje vil sjå vitsen med å slutte opp om dei. Og dei vil ha god drahjelp av desse som insisterer på at påstandar om menneskeskapt klimaendring berre er juks og bedrag.

No kan ein seie at kva den einskilde vel å gjere, er kvar og ein sitt individuelle ansvar. Men eg vil for min del seie at når feile beslutningar vert gjort på eit feilt faktagrunnlag, så har desse som sprer desinformasjonen i det minste eit delansvar.

Men dei kan vere trygge for at dei slepp å verte stilt til juridisk ansvar for dette, av to grunnar :

For det fyrste er det ikkje kriminelt å ta feil, og det er alle sin rett å hevde det dei meiner er rett, uansett om det stemmer eller ikkje.

For det andre kan dei påberope seg å ha vore medvitslause i gjerningsaugneblinken.

Og det dei har sagt eller skrive, kan dei framleggje som sterke indisier på at det stemmer.

Er lov og rett eitt?