Ikkje alle har likt at eg har nytta ulike dyr som metaforar for korleis eg oppfattar folk som hevdar at det ikkje finnest noko som heiter menneskeskapte klimaendringar. Ein uttrykte seg slik:

«Mange rare dyr. Så langt er dei tilpassa dine idear.
Det fins andre. Er det Eremittkrepsen som låner eit skal.
Sit klar for å ta èin som ytrar seg for å konfirmera vedkomande
og forkynne dei rette ideene.»

Eg måtte tenkje litt på saka, men fann ut at eremittkrepsen sin oppførsel i liten grad samsvarar med det eg  oppfattar – og ikkje sjeldan har røynt – er måten desse folka agerer på.

For det fyrste er skalskiftet naudsynt for eremittkrepsen av di han veks heile livet og etter ei tid ikkje lenger får plass i skallet han har. Eremittkrepsen må rett og slett agere på grunn av at livsvilkåra hans endrar seg. Dette er ei åtferd eg ikkje heilt assosierer med åtferda til desse folka, for dei opplever eg som svært lite villige til å agere på grunn av endringar i livsvilkåra.

For det andre kan det sjå ut som om eremittkrepsen er i stand til å handsame endringane på ein konstruktiv måte, der gjenbruk kan vere stikkordet. Ta berre ein titt på filmsnutten her, frå eitt av dei mange dokumentarprogramma til David Attenborough.

 

Sopass rasjonell framferd har eg ikkje sett hos visse andre som er nemnde i denne artikkelen!

Men eg har funne ein annan krabat som kan sjå ut til å høve betre som metafor – sjå biletet attmed.

Pyntekrabben let ulike organismar – t.d. algar, rur og anemonar – få slå seg til på skallet sitt. Dette fungerer som kamuflasje.

For meg kan dette minne om korleis  desse folka argumenterer når dei skal underbyggje påstandane sine. Argumenta er tekne litt herfrå, og litt derfrå, ikkje ulikt samlinga på skallet til pyntekrabben. Går ein påstandane deira litt etter i saumane – noko eg har gjort meir enn ein gong – ser ein ofte at argumenta  ofte manglar substans i form av fakta det er mogleg å sjekke ut og etterprøve.

Prøver ein på å sjekke ut påstandane dei kjem med, eller endå meir formasteleg: påpeika at desse umogleg kan stemme ut frå informasjon begge eigentleg har fritt tilgjenge til, vert det ikkje teke nådig opp.

Ikkje sjeldan endar slike diskusjonar opp med at vedkomande person framhevar eige kunnskapsnivå og evne til å sjå «det store biletet», til til tider kombinert med lite flatterande omtalar av meiningsmotstandarane sin intellektuelle kapasitet.

For det skal dei ha, desse folka: dei kvir seg ikkje for å «ta igjen» dersom dei føler seg angripne av folk som meiner noko anna enn dei sjølve. Dei er i så måte ikkje heilt ulike dei to på biletet over. «Angrep er det beste forsvar», kan det sjå ut som om dei to tenkjer.

Jau, pyntekrabbar kan faktisk fungere som metafor i denne samanhengen, trur eg.

Bileta på denne sida er attgitt med løyve.
Biletet av eremittkrepsen har ukjent fotograf, og er henta frå https://www.peakpx.com .
Biletet av dei to pyntekrabbane er teke av Joe Bater.

Eremittkreps og andre forvitnelege skapningar