Eg har lite sans for Richard Dawkins. Eg synest han har ei forståing av religion som er overfladisk og lite nyansert. Men eitt kan eg takke han for: Bruken hans av omgrepet «wishful thinking» gjorde at eg har reflektert over dette fenomenet, og eg synest det har vore nyttig for eiga tenking.

Eg fann ein fin definisjon på dette fenomenet, som omsett til norsk vert om lag slik : «Ønsketenking er ei haldning til eller ei tru på at noko du ynskjer skal skje, vil skje til tross for at det er lite sannsynleg eller mogleg.»

Då eg i dag (31. juli 2023) las eit innlegg frå ein ven på Facebook, dukka tanken på Richard Dawkins og dette fenomenet opp att. Slik eg tolka innlegget til denne facebookvenen min, var bodskapen hans at spådommer knytt til klimaproblematikken var det liten grunn til å bry seg med. Det var ikkje sikkert at utviklinga kom til å verte så ille som klimaforskarane vil ha det til.

Han kan sjølvsagt ha rett i det. Problemet er at ingen veit fasit. Det treng ikkje verte så ille som klimaforskarane meiner det kan verte. Det kan verte så ille. Det kan verte mykje verre. Å utelukke dei to siste alternativa er ikkje fornuft. Det er ønsketenking, ingen ting anna.

Argumentasjonen i innlegget ser ut til å vere tufta på vedkomande sine røynsler med værvarslinga frå Yr. Yr hadde i fylgje vedkomande bomma på prognosane sine. Det kan godt vere at veret ikkje var akkurat slik Yr meinte det skulle verte akkurat der vedkomande oppheldt seg. Men med mindre det er stabile høgtrykk eller ein er i nærleiken av kraftige lågtrykk, så vil det vere lokale variasjonar. Omgrepet lokalmeteorologi er eit vel etablert omgrep, som mellom andre professor Kåre Utaaker ved UiB har vore oppteken av og utgitt publikasjonar om, mellom anna boka «Mikro- og lokalmeteorologi». (Dette var for øvrig same mannen som i si tid – 1970 – introduserte meg for effekten klimagassar har på temperaturutviklinga på jorda.)

Samanlikninga mellom Yr sine vervarsler og klimaforskning haltar stygt, og kan rett og slett ikkje nyttast som argumentasjon for å ikkje bry seg om klimaforskninga som er gjort og som vert gjort. Å bruke ei slik samanlikning er meir eit uttrykk for ønsketenkning enn for sunn fornuft.

Så er det dei som angrip datagrunnlaget for klimaforskarane sine skildringar av klimautviklinga. Det er knapt noko fagfelt som har eit så rikt tilfang av data som klimarelaterte fagfelt (klimaforskning er i sin natur høgst tverrfagleg). Men det hindrar tydelegvis ikkje einskilde frå på å antyde at datagrunnlaget er feil, eller manipulert. Kva konkrete haldepunkt dei har for å hevde dette, veit eg lite om. For spør eg om slikt, får eg ikkje truverdige svar – om eg i det heile teke får svar.

Dette får meg til å tenkje at påstandane om feil eller manglande datagrunnlag meir er eit uttrykk for ynskjetenking hos dei som påstår dette, enn utslag av deira sunne fornuft.

Ei rekkje av dei prosessane som vert påverka av klimaendringar, eller som medfører klimaendringar, er vel kjende og aksepterte. Likevel vert dei dregne i tvil, utan at det alltid er så lett å sjå kva denne tvilen botnar i. Eg trur at denne tvilen i større grad er utslag av ønsketenkning hos tvilarane, enn noko ein kan kreditere den sunne fornuften deira.

Og slik kunne eg halde fram ei god stund til. Men eg vil avslutte med å fortelje kvifor det omtala innlegget fekk meg til å tenkje på Richard Dawkins. Eg synest mange av dei som argumenterer mot at det er noko som heiter klimaendringar, er om lag like overfladiske og lite nyanserte om dette emnet som Richard Dawkins gjev uttrykk for å vere når han omtalar  religion.

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av ei byste som forestiller Sokrates. 
Det er teke av Marc Cartwright, og er attgitt med løyve.

Ønsketenking og sunn fornuft