FN sin sjette klimarapport vart publisert 9. august 2021. Rapporten vakte stor merksemd i pressa, og ikkje lenge etter kunne ein lese ulike synspunkt om han i sosiale media. Nokre meinte at dette var eit viktig grunnlagsdokument for utmeisling av framtidig klimapolitikk. Andre meinte at dette var eit bestillingsverk, med ein dårleg skjult politisk agenda.
Personleg synest eg det er underleg kor raskt folk meinte seg å ha eit grunnlag for å uttale seg. Rapporten er på nesten 4000 sider, og etter det eg kan sjå, spekka med informasjon.
Men dei fyrste 40 sidene er eit samandrag for beslutningstakarar. Samandraget er ordna i fire hovudpunkt, med til saman fjorten underpunkt med kommentarar. Sidan dette er på engelsk, har eg prøvd å attgi desse punkta på norsk. Desse er å finne nedunder. Kommentarane er ikkje omsett, men oppe på sida finn ein ei lenkje til heile rapporten.
Eg vonar at omsetjinga mi gjev eit nokonlunde korrekt attgjeving av innhaldet i desse punkta, men tek fullt ansvar for eventuelle avvik mellom innhaldet i den originale teksten og det attgjevne innhaldet.
Hovudpunkt A : Noverande status for klimaet
A1 : Det er heva over all tvil at menneskeleg påverknad har ført med seg ei oppvarming av atmosfæren, havet og landjorda. Omfattande og raske endringar i atmosfære, hav, kryosfære og biosfære har funne stad.
A2 : Omfanget av dei siste overgripande endringane av klimasystemet, og tilstanden ulike delar av klimasystemet er komen i gjennom dei siste hundreåra, er utan sidestykke innan eit tidsrom på mange årtusen.
A3 : Menneskeskapte klimaendringar påverkar alt mange ver- og klimaekstrem i alle regionar over heile verda. Sidan førre rapport har ein sett styrka indikasjonar på at endringar i ekstremver og -klima, som t.d. varmebylgjer, kraftig nedbør, tørke og tropiske syklonar, skuldast menneskeleg påverknad.
A4 : Auka kunnskap om klimaprosessar, paleoklimatiske bevis og klimasystemet sin respons på auka strålingspåverknad tilseier ein temperaturauke på 3 ° Celsius, med mindre usikkerheit enn i førre klimarapport.
Hovudpunkt B : Moglege modellar for klimaet i framtida
B1 : Alle modellar som er vurdert konkluderer med at den globale overflatetemperaturen vil halde fram med å stige til minst midten av dette hundreåret. Ei global oppvarming på 1,5° til 2° vil vere overskriden i løpet av det 21. hundreåret, med mindre omfattande reduksjonar av CO2 og andre drivhusgassar finn stad i løpet av dei komande tiåra.
B2 : Mange endringar i klimasystemet vil auke parallelt med aukande global oppvarming. Dette omfattar auke i frekvens og intensitet av ekstrem varme, marine varmebylgjer, kraftig nedbør i nokre område og stor tørke i andre regionar, fleire tropiske syklonar, samt reduksjon i isen i Arktis, i snødekke og i område med permafrost.
B3 : Ein forventar at ei fortsett global oppvarming vil medføre ei ytterlegare intensivering av vatnsyklus. Dette kan medføre meir monsunnedbør, og større skilnader mellom våte og tørre periodar.
B4 : Med auka utslepp av CO2 forventar ein at hav og landjord i mindre grad vil vere i stand til å bremse oppsamling av CO2 i atmosfæren.
B5 : Mange endringar som skuldast tidlegare og framtidige klimagassutslepp vil vere umogleg å tilbakestille innan ein tidsrom på hundre- eller tusenår. Spesielt gjeld dette endringar i havet, isdekte område, og det globale havnivået.
Hovudpunkt C : Klimainformasjon for risikovurdering og regional tilpasning
C1 : Naturgitte faktorar og lokale variasjonar vil påverke dei menneskeskapte endringane, spesielt på lokalnivå og på kort sikt. Men desse vil totalt sett ha lite å seie for dei globale endringane på lengre sikt. Dei er likevel viktige å ta omsyn til når ein skal tilpasse seg ein ny klimasituasjon på lokalt nivå.
C2 : Med ytterlegare global oppvarming kan ein i kvar region forvente stadig meir samtidige og fleire endringar i dei faktorane som påverkar klimaet lokalt. Slike endringar vil gjere seg meir og meir gjeldande i samsvar med auka oppvarming, og soleis slå inn kraftigare dess større temperaturauke ein får.
C3 : Situasjonar som ein i dag ser på som lite sannsynlege, som til dømes kollaps av isdekke, brå endringar i havstraumar, samanfall av fleire ekstremhendingar og oppvarming vesentleg større enn det ein ser på som sannsynleg, kan ikkje utelukkast. Dette må det takast høgd for i risikoanalysen.
Hovudpunkt D : Demping av framtidige klimaendringar
D1 : Frå ein naturvitskapleg ståstad vil det å avgrense den menneskeskapte globale oppvarminga til eit spesifikt nivå krevje at ein stoppar tilføring av CO2 som aukar mengda CO2 i atmosfæren, når minimum netto nullutslepp. Dette må skje samstundes med at sterke reduksjonar i utslepp av andre klimagassar. Sterke, raske og vedvarande reduksjonar i utslepp av CH4 (metan) vil også hemme oppvarmingseffekten. Til saman vil dette ha positiv innverknad på luftkvaliteten.
D2 : Scenarier med svært lave eller lave klimagassutslepp vil i løpet av få år resultere i merkbare effektar på klimagass- og aerosolkonsentrasjonen, og dermed på luftkvaliteten. Ein reknar det som sannsynleg at desse faktorane i løpet av ein periode på 20 år vil ha ein tydeleg påverknad på temperaturutviklinga, og etter kvart også på andre klimafaktorar.
Mi oppfatning av rapporten
Eg har registrert at einskilde avviser rapporten og kallar han eit politisk bestillingsverk av di kun den delen som er retta mot beslutningstakarar er ferdigstilt. Dette samandraget omfattar om lag 40 sider, og dette utgjer berre vel 1% av heile rapporten.
Dei øvrige sidene er merka med «Accepted version – subject to final editing». Dette tolkar eg slik at innhaldet på sidene i og for seg er vurdert og godkjent av dei involverte fagmiljøa, men at det står att å sjå til at all informasjonen er formulert slik at det ikkje kan oppstå tvil om kva som meinest.
Det kan også tenkjast at ein ynskjer å nytte kryssreferansar innad i rapporten, av di dette gjer det enklare å vedlikehalde informasjonen i rapporten. Men det veit eg ikkje.
Etter det eg kan sjå, er rapporten bygd opp slik at han startar med dei overordna formuleringane. Desse er i sin tur forankra i underpunkt, som igjen er forankra i informasjon ein finn i rapporten. På den måten er det mogleg å etterprøve påstandane som står i rapporten, og som er grunnlaget for konklusjonane ein finn der.
Eg har ikkje tilstrekkeleg kompetanse til å vurdere det faglege innhaldet i rapporten. Men denne graden av openheit om kva som er grunnlaget for konklusjonane i rapporten, er tillitvekkjande. Det opnar for at folk som er usamde i faktagrunnlag eller vurderingane som er gjort, kan leggje fram konkrete og underbygde motforestillingar. Så kan vi andre fylgje med på det, og trekkje våre eigne konklusjonar.
For eigen del kan eg seie at dei motforestillingane er har sett og til dels sett meg inn i – og det er langt færre av slike enn det er tilslutningar til innhaldet i rapporten – enno ikkje har rokka ved inntrykket mitt av at vi har å gjere med ein rapport som fagleg står seg svært godt.
Og så er det naturlegvis verdt å merke seg at rapporten har fokus på kva som må gjerast, og ikkje på korleis dette skal verte gjort. Det er ein jobb for politikarane, og denne rapporten er ikkje eit politisk dokument, sjølv om enkelte tydelegvis ser seg og sin agenda tent med å hevde akkurat det.
Biletet oppe på sida er eit utsnitt av framsida på klimarapporten.