Biletet over er eit utstnitt av ein karikatur som i 1803 vart attgitt i «Vide» – ein publikasjon utgitt av «Ye Anti-Vaccine Society» i England. Her har kunstnaren James Gilray framstilt ei vaksinasjonsscene. Det er koppevaksine som vert sett, og resultatet av inngrepet ser vi avbilda på personane til høgre: Det veks ut kuliknande utvekstar på dei vaksinerte stakkarane. Forklåringa på dette er truleg at den fyrste koppevaksinen var framstilt av smitte frå kyr.

På biletet på veggen bak skimtar vi mange personar som dansar kring ein gullkalv. Det skal truleg minne betraktaren på eigennytten og grådigheita til dei som tente pengar på vaksineringa.

Det er neppe naudsynt å minne om parallellane til våre dagars vaksinemotstand. Også i dag er det mange som ser på vaksinering som ein måte å lure pengar av godtruande folk og styresmakter på. Historia gjentek seg…

Du kan få fram ein større versjon av biletet ved å peike og klikke på det.

Men det er no ein gong slik at ein i 1980 kunne erklære koppar som ein utrydda sjukdom. Rett nok finnest det levande smittestoff i militære laboratorium, og ein kan sjå for seg at dette kan verte nytta i biologisk krigføring, men takka vere omfattande vaksineringsprogram er det ingen menneske i dag som lir av denne svært dødelege sjukdomen. Her kan ein sjå ein historisk gjennomgang av utbreiinga og utryddinga av koppar:

Vaksinering fungerar, med andre ord. Også polio er blitt ein mindre trussel mot folkehelsa, takka vere bruk av vaksine. Tuberkulose har også vore på retur takka vere omfattande vaksineringsprogram, men denne sjukdomen er på langt nær nedkjempa, og her ser vi at andre tiltak, som utvikling av nye antibiotika og klok bruk av desse, også er viktige.
Ein kan lese meir om dette i gode artiklar i Store medisinske leksikon.

I løpet av det siste året er det gjort ein formidabel innsats for å få fram vaksinar mot corona-19-viruset. Og resultatet av innsatsen er no i ferd med å syne seg : Fleire svært lovande vaksinar er utvikla, og fungerer dei slik føresetnaden er og folk let seg vaksinere, er det grunn til å håpe at vi i løpet av ei tid kan sjå fram mot slutten på pandemien dette viruset har forårsaka.

Men vil det gå slik? Eg veit ikkje, og det er to grunnar til det. For det fyrste kan vi ikkje seie heilt sikkert at vaksinane vil ha den gode effekten ein håpar på. For det andre er det usikkert om eit tilstrekkeleg stort antal personar vil late seg vaksinere. Vaksineskepsisen er stor, og høgst reell.

Om han er reelt grunna, er ein heilt annan sak. Berre i løpet av eit par dagar har eg sjekka opp to historier som handla om negative sider ved coronavaksinen.

Den eine historia fortalde om ei undersøkjing om covid-19 som ein kjend vaksineforskar skal ha stått bak. Det var berre det at historia ikkje kom frå han, men frå ein som hadde «lånt» identiteten til forskaren. Då eg gjorde merksam på dette, vart historia fjerna frå facebooksida der eg fann henne. Men vedkomande som i si tid la ut historia, har til no ikkje hatt ryggrad til å vedgå at historia var eit falsum.

Den andre historia er ei liste med påstandar om Pfizer sin covid-19-vaksine der kjelda er oppgitt til å vere britiske helsestyresmakter. Men ikkje fungerer peikaren som skal syne kjelda, og ikkje er det samsvar mellom det som står i denne lista og øvrig informasjon på dei britiske helsestyresmaktene sine sider. Dette får meg til å tru at vi her har nok eit døme på «fake news» – falske nyhende.

Eg synest det er djupt tragisk at folk spreier desinformasjon. Ein eller annan har sett seg tent med å lage desse påstandane. Andre har sett si sak tent med å spreie dei heilt ukritisk. Det burde ringe ei bjelle når ein må ta til lygn for å underbyggje det ein trur. Det er lov å begå kritisk tenking. Og det er lov å vege opp forventa ulemper med ein vaksine, mot dei forventa fordelane ved han. Det er også lov å minne om vaksinar som har hatt utilsikta og til dels alvorlege biverknader.

Men i tillegg til å bruke tanken, bør ein kanskje også bruke litt omtanke. «Eg har fysikk som ein femtiåring – eg klarar meg om eg vert smitta,» var det ein vaksinemotstandar som skreiv for ei tid attende.

Eg vonar vedkomande har rett – eg unnar ingen å døy av dette viruset. Men i inkubasjonstida og under sjukdomsforløpet er ein smitteberar. Og det er ingen som kan garantere at dei ein smittar, har same gode fysikk og motstandskraft som ein sjølv. For dei som har dårlegare odds for å kunne kome trygt gjennom ein slik sjukdomsperiode, vil omtanken eller mangel på slik i verste fall verte eit spørsmål om liv eller død.

Det bør vege tungt når ein vurderer korvidt ein skal la seg vaksinere eller ikkje.  

Informasjon om illustrasjonsbiletet finn ein ved å peike og klikke her.

Om tanke – og om omtanke