Ein gong på 1930-talet fekk mormor, ein ung firebarnsmor den gongen, tuberkulose. Ho vart frisk att av sjølve sjukdomen, men den hadde då  teke knekken på helsa hennar. Tuberkulosen kom til å prege resten av livet hennar.

Det var ikkje mykje mormor fortalde frå sjukdomstida si. Sjølvsagt visste vi at ho hadde vore lenge vekke frå familien. Ho hadde eit lengre opphald på Harastølen, eit sanatorium i Luster. Og eg hugsar ein gong at ho fortalde om ein stor operasjon ho hadde vore gjennom. Men ut over det er det ikkje så mykje eg veit om sjukdommen hennar, og eigentleg har forstått korleis livet hennar var blitt forma av tuberkulosen.

Bortsett frå på eitt område, då: Handhygiene. Mormor innprenta god handhygiene hos borna sine, og heller ikkje vi barneborna unnslapp mormor sine kjærlige formaningar: «Hugs å vaske hendene, barn!» Så gløymde vi det heller ikkje. Og eg er sikker på at mormor hadde vore svært godt nøgd med å konstatere at både oldeborn og tippoldeborn den dag i dag gjer som «gamle Gudrun» seier. Hyppig handvask er rutine, og har alltid vore det.

Dermed har ikkje desse smittevernråda vi har fått i samband med Covid-19 representert den store endringa i levemåte og livsførsel. Eitt av tre tiltak vi alle blitt bedne om å implementere, har alt vore på plass.

Litt verre har det vore å venne seg til å halde sosial distanse. Det er fyrst når vi ikkje kan handhelse og klemme kvarandre, at vi forstår kor viktig dette har vore for oss i vår omgang med andre.

Maskebruken har heller ikkje vore lett å venne seg til. Men det er meir eit irritasjonsmoment enn ein direkte plage. Og sjølv om ein og annan skrik opp og hevdar at dette er brot på individet sin fridom, tenkjer eg at det å bruke masker der ein ikkje kan halde avstand er ein god idé. Det kan i alle fall ikkje skade – sjølv om einskilde hevdar akkurat det.

Det triste oppi alt dette er dei som har fått problem på grunn av dei tiltaka vi er pålagte å fylgje. Økonomiske vanskar grunna tap av arbeidsplassar og mentale påkjenningar grunna tap av naudsynt sosial omgang er døme på slikt. Denslags skal ein ikkje ta lett på. Men spørsmålet er om problema ville blitt mindre for dei det gjeld, dersom ein ikkje hadde gjennomført dei ubehagelege og upopulære tiltaka.

Heldigvis er det teikn til at den noverande situasjonen nærmar sin ende. Vaksinar er på veg. Fungerer dei slik vi kan håpe, vil vi kan hende kunne vende attende til meir normale tilstandar i løpet av nokre månader. Så det gjeld å halde ut.

Halde ut ved å bruke dei irriterande maskene når og der situasjonen krev det.

Halde ut og praktisere den sosiale avstanden så langt vi må – og er i stand til.

Halde ut ved å ikkje slutte å praktisere god handhygiene.

Det går an. Det veit vi – takka vere mormor.

Biletet over er henta frå eit privat album, og  syner tuberkulosepasientar og pleiarar på Harastølen. Eg tru mormor er den til høgre av dei to som ligg i solsenger. Fotograf ukjend.

Ein varm takk til mormor og dei reine hendene