Då eg var liten, trudde eg at eg kom til å få ein ny dato for gebursdagen min når eg vart stor. Eg hadde nemleg lagt merke til at ingen vaksne eg kjende hadde gebursdag på same dag som oss ungane. Men morfar og ein onkel måtte dele same datoen. 12. desember var tydelegvis ein «voksendato».

Med andre ord: eg hadde gjort mine observasjonar, og drege mi slutning av dei. Det var ei feilslutning, men det var ikkje observasjonen det var noko i vegen med. Det var min mangel på forståing for omgrepet «gebursdag» som forårsaka misoppfatninga.

Eg nemner dette som eit døme på at kunnskap om det ein observerer,  ikkje er uvesentleg når ein skal tolke det ein ser, høyrer eller les. Vi lever i ei verd som vert meir og meir kompleks. Kunnskapsmengda aukar meir enn vår evne til å ta kunnskapen til oss. Kunnskapen kvar og ein av oss klarar å ta til seg, vil utgjere ein stadig mindre og mindre del av den totale kunnskapen i verda.  Dermed vert vi i større og større grad nøydde til å stole på kunnskapen og innsikten til andre for å kunne skape oss ei mest mogleg presis forståing av verda.

Dette er ikkje noko nytt fenomen. Det er freistande å sitere Isaac Newton, som ein gong skreiv dette i eit brev: «If I have seen further it is by standing on the sholders of Giants.»  Det kan vere grunn til å leggje til at denne metaforen er blitt nytta av andre tidlegare, og at sitatet dermed er ei slags bekrefting av innhaldet i det.

Men å vite kven sin kunnskap ein skal kunne stole på, er ikkje alltid like enkelt. Då vert kjeldekritikk viktig. Difor er det ikkje dumt å spørre folk kva dei byggjer synspunkta på.

Ikkje minst er det viktig å spørre folk ein er usamd med, kva tankegods dei legg til grunn for synspunkta sine. Det har hendt at eg har fått svar som har gjort at eg har endra syn. Det har også hendt – og det langt oftare – at eg ser at folk byggjer meiningane sine på fordommar og manglande kunnskap.

For meg er begge delar nyttige.

Så eg kjem nok til å halde fram med å spørje folk kvar dei har informasjonen sin frå. At denslags kan vere ubehageleg for einskilde, kan dei kanskje ta som ein indikator på at det dei hevdar, kan hende ikkje held mål likevel.

Bilete: (C) Mohammed Hassan (CC)

Kunnskap er ikkje irrelevant!